Podkast: BT-kommentator tek eit oppgjer med kollegaens tekst

Det blir høg temperatur i denne episoden av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

Gerd Tjeldflåt (frå v.), Jens Kihl og Morten Myksvoll diskuterer siste koronanytt frå heimekontoret. Foto: Geir Martin Strande (Arkiv)

  • Bergens Tidende

Skal me leve med strenge tiltak mot koronasmitte i lang tid, eller er det håp i enden av tunnelen? Dei tre kommentatorane i podkasten «Nokon må gå» er ueinige om kva som kan skje framover.

Morten Myksvoll skreiv tidlegare denne veka ein kommentar om at folk må førebu seg på endå strengare tiltak enn før fordi regjeringa no ønskjer å undertrykke koronaviruset, og ikkje berre bremse smitten.

Ein for alarmistisk kommentar, meiner Jens Kihl.

– Eg meiner du tar for hardt i. Slik eg les din kommentar er det etterlatne inntrykket: «winter is coming». Men så seier Folkehelseinstituttet at dei ser for seg å lette på dagens restriksjonar ganske snart, seier Kihl.

Heller ikkje Gerd Tjeldflåt trur me har det verste i vente.

– Dei seier jo at heile målet med denne strategien er at det skal vere så lite smitte at me kan sleppe ut igjen.

– Men kvar gong FHI oppsummerer dei to strategiane, skriv dei at «undertrykk» medfører strengare tiltak, står Myksvoll fast på.

Denne episoden har også ei koronafri sone, som mellom anna handlar om Frps kakefest etter Mulla Krekar blei utlevert til Italia og alle sakene som forsvinn i korona-mylderet.

Høyr vekas episode her eller i appen BT Lytt, som du kan laste ned i App Store eller Google Play.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Noreg er framleis stengt. Er det ei god nyheit?

  2. – Eg stolar ikkje på nokon akkurat no

  3. Podkast: Er det lov å tøyse med koronaen no?

  4. BT-kommentator kom rett frå karantene til innspeling

  1. Nokon må gå
  2. Mulla Krekar
  3. Koronaviruset
  4. Folkehelseinstituttet