Den muntre målarmeister

– Eg har no alltid likt å fortelja, både munnleg og skriftleg, seier Karstein Stene. Den vitale karen er ut med ei ny bok full av gode stubbar.

Publisert Publisert

EIT OPPKOME: Karstein Stene er eit oppkome av gode historier, og han elskar å fortelja dei. Foto: Hedvig Idås

Vi er på Bergenhus Festningsmuseum. 85-åringen har nett vore ute for å opna porten for oss. Lett på tå fører han oss inn i kafeen. Han er heime her og, forsvarsmann som han er.

Karstein Stene er frå bygda Lindås i Lindås kommune, men er lommekjent over store delar av landet. Den siste boka hans fortel sitt «Muntre fortellinger fra Svalbard, fastlandet og Forsvaret».

– Fastlandet tyder Trøndelag, Bergen og Strilalandet, forklarer han.

I ti år jobba han som målarmeister på Svalbard, og har sjølvsagt fått med seg ein haug av saftige og absurde stubbar derifrå.

Som tropp- og kompanisjef i infanteribataljonar på Vestlandet og i Nord-Norge opplevde Stene eit persongalleri av de sjeldne, og situasjonar ein i dag knapt kan tru er sant.

ISBJØRNSLIPS: Både slips og jakkemerke vitne om at dei ti åra på Svalbard har sett spor. Foto: Hedvig Idås

Mange ikkje heilt A-4

– Kor får du alle historiene frå?

– Eg byrja å samla på historier som gutunge, sidan har det balla på seg. Eg har hatt eige målarfirma i 54 år, og som handverkar høyrer du mykje. Nokre sender historier til meg og nokre er vandrehistorier, som eg har gjeve mi eiga språkdrakt, fortel han.

Den munnlege forteljartradisjonen har vore sterk mange stader, ikkje minst på mange arbeidsplassar. På strilelandet der han vaks opp, fortel han det var mange som ikkje var heilt A-4, målt med dagens auge. Replikkane og dei kjappe kommentarane sat laust.

– Eg likar jækla godt å skriva, sjølv om eg berre har folkeskulen. Og så har eg no alltid likt å fortelja, både munnleg og skriftleg.

At han er og er ein god munnleg forteljar er det liten tvil om. Og i dei mange lag og organisasjonar han er med i, er han ein akta toastmaster.

BOKA: Karstein Stene har med seg boka, men han treng ikkje lesa frå den. Han fortel dei minst lika levande utanboks. Foto: Hedvig Idås

Slutta å drikka, starta å skriva

Medan vi preiker, renn den eine saftige soga etter den andre ut av han. Ikkje alle egnar seg på trykk, så han må forsikra seg om at den unge kvinnelege fotografen ikkje er ei sart sjel.

– Når starta du med å skriva ned historiene?

– Det var då eg slutta å drikka alkohol midt på 1970-talet, seier han.

Om helsa held, kan han neste år feira diamantbryllaup med kona Inger Karin Samonia.

Karstein Stene var vitseansvarleg i biletbladet NÅ. Der fekk han mellom anna kjentfolk til å fortelja vitsar. Slik møtte han skøytelegenda Hjalmar «Hjallis» Andersen, som då jobba i velferdstenesta for handelsflåten.

Flest humorbøker i landet

Saman med Hjallis og Inge Grødum i Aftenposten, gav han ut fire vitsebøker. På 1980-talet var dette bestseljarar, med eit opplag på over 20.000.

Les også

Er du først norsk når du forstår svenskevitser?

Han gav og ut bøker om Svenskevitsar og Finskevitsar. Finskevitsane kom i fleire opplag og selde 40.000 eksemplar.

– Då ringde dei meg frå Universitetet i Helsingfors. Overraskande nok hadde finnane aldri høyrt historiene om Pekka og Toivonen.

Til saman har han gjeve ut 18 humorbøker, og er den som har flest slike bøker på samvitet har i landet.

– Er det berre humor det går i?

– Nei då, eg har og gjeve ut «Tidt eg minnest min barndoms grøne dal", eit historisk bokverk om Lindås.

RIDDER: Karstein Stene er mellom mangt anna Ridder av Den Gyldne Stige, i Malermestrenes Forening i Bergen.

Dugnad livsviktig

Stene kjenner utruleg mange folk, han hugsar dei med namn og har engasjert seg i eit utal av organisasjonar gjennom eit langt liv.

Han er mellom anna æresmedlem i Nordhordland Handverk- og Industrilag, i Nordhordland Veteranbåtlag og i Bjørn West Venneforening. I 2001 fekk han Kongens Fortenestmedalje. I Vestmannalaget vart han nyleg heiderslagsmann saman med Ole Didrik Lærum.

Saman med nokre kameratar, dei kallar seg «Vangsgutane», gjer han dugnad i parken rundt Lindås kyrkje.

– Kvifor engasjerer du deg slik?

– Eg har alltid jobba dugnad, det er ein livsviktig eigeninnsats for at det norske samfunnet skal gå rundt. Om alle skulle hatt pengar for det ein gjer, hadde ikkje mykje blitt gjort. Ein må tru at den dugnaden ein gjer gagne menneske.

Publisert