• NYTENKJAR: Andreas Morland (35) har utvikla måleteknologi for oppdrettsnæringa frå kontoret i Nyskapingsparken. - Her har eg kollegaene mine, sjølv om vi jobbar med heilt ulike prosjekt. Miljøet har vore svært viktig for meg, særskilt med tanke på alt som skal gjerast med marknadsføring, sal og arbeid mot private investorar. Det er det som verkeleg er jobben. Idéutvikling har teke overraskande lite tid, seier Morland. FOTO: Roar Christiansen

Gründerar står i kø

Nyskapingsparken i Bergen opplever massiv pågang av folk som vil realisera draumar. Andreas Morland (35) hoppa av ein trygg jobb for å dyrka fram ideen han ikkje kunne gløyma.