Politiet la bort sak mot korona-meldt ungdom

Eleven som reiste mellom kommunar i påvente av svar på koronatest, slepp straff.

Publisert Publisert

Helsesjukepleiar Grethe Helen Mæland og fastlege Lena Laupsa testa 67 personar i Kvam på ein dag, dei fleste ungdommar. Foto: Ørjan Deisz

  • Målfrid Bordvik
iconDenne artikkelen er 48 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

I mai blei det kjent at ein ungdom i Kvinnherad testa positivt på covid-19. Dette utløyste storstilt smittesporing og testing langt utover kommunegrensene.

Personen, som er elev på Kvam vidaregåande skule, hadde nemleg vore i kontakt med jamaldringar i totalt fire kommunar.

Eleven skal ha vore på privatfest i Kvam natt til 17. mai.

Seinare kom prøvesvaret som viste at eleven hadde covid-19.

Les også

Ingri lurte lenge på om det var korona ho hadde hatt. Antistofftest gav svar.

– Overtramp

I mellomtida hadde eleven også reist inn i Ullensvang kommune.

Ordføraren i Ullensvang, Roald Aga Haug, valde å melde personen til politiet for brot på smittevernreglane.

– Personen har bevega seg på ulike plassar i vår kommune, medan vedkomande var pålagt karantene. Personen har vore i nærleiken av andre som ikkje har visst om smittefaren. Det er eit såpass stort overtramp av karantenereglane, som vedkomande var kjend med, at me må melde det, sa Haug til BT i mai.

Nærare 70 ungdommar vart testa for covid-19 etter dette. Det blei ikkje påvist fleire smittetilfelle.

No har politiet lagt bort saka.

Les også

Helsemyndigheitene sa det var unødvendig. Likevel ble alle nye innsatte satt i to ukers karantene.

FHI ber deg halde deg heime

– Meldinga gjeld brot på karantene, men vi finn ikkje at eleven var i karantene etter covid-19-forskrifta, seier politiadvokat Laila Karin Skeide.

Ifølgje lovteksten er det to pålagde tilfelle for karantene: Det gjeld når ein kjem til Norge frå utlandet, samt for dei som har vore i nærkontakt med ein person som har fått påvist smitte. Desse tilfella kan utløyse straffereaksjon, som bot på 15.000 kroner eller fengsel i 15 dagar.

Ifølgje Folkehelseinstituttet skal personar som ventar på prøvesvar vere i heimeisolasjon, det vil seie halde seg isolert, for å unngå å smitte andre.

– Generelt bør alle som har luftvegssymptom halde seg heime. Det vil seie at dersom ein person blir testa for covid-19 fordi personen har symptom på sjukdom, så skal personen halde seg heime til prøvesvar ligg føre, seier lege Helena Niemi Eide i avdeling for smittevern og beredskap i FHI.

Men brot på dette får altså ikkje konsekvensar.

Kvam vidaregåande skule stengde ned då ein elev fekk påvist smitte. Rektor Ingebjørg Bakke. Foto: Ørjan Deisz

Ikkje straffbart

– Det kan godt vere at eleven har fått råd frå helsepersonell som vedkomande ikkje har følgt, men vi må skilje mellom det som er straffbart etter forskrift og det som er tilrådingar frå helsestyresmaktene, seier politiadvokaten.

Å halde ein meters avstand til andre og ikkje sende born på skule eller i barnehage med luftvegssymptom er også slike råd, påpeiker ho.

– Kan dette sende eit signal om at det er greitt å bryte råda frå helsestyresmaktene, til dømes om karantene medan ein ventar på svar på koronaprøve?

– Det er viktig at alle følgjer råda frå helsestyresmaktene, men vi må sjå til regelverket og kan ikkje straffe for noko som ikkje fell inn under lova, seier Skeide.

– Belastning

Ordføraren i Ullensvang seier dei tek politiets avgjerd til følgje.

– Vår vurdering var at dette var brot på smittevernreglane. Vedkomande hadde testa seg med mistanke om covid-19 og fått beskjed om å vere i karantene, men reiste til Ullensvang og var i kontakt med fleire andre personar. Men vi tek politiets avgjerd til etterretning og forheld oss til det.

– Denne saka har skapt mykje merksemd og det har nok vore ei belastning for vedkomande som har vore i denne situasjonen.

Publisert

Koronaviruset

  1. LOKALT

    Slik bruker du munnbindet riktig

  2. LOKALT

    Munnbind, karantene og egne innganger. Slik forbereder bedriftene seg på høsten.

  3. LOKALT

    Økende smittetrend i flere byer: – Befinner oss på et vippepunkt

  4. INNENRIKS

    Tillitsvalgt sendte karantene­bekymring. Beskjeden tilbake var at alt var i orden.

  5. INNENRIKS

    Leger og sykepleiere er positive til munnbind og masker – hvis de brukes riktig

  6. LOKALT

    Koronatelefonen gløder – åpner for testing på kveldstid

Les mer om dette temaet

  1. Brukarane har ikkje fått tilgang til eigen informasjon

  2. Sverige framleis stengt for norske turistar

  3. Her øver dei på full pandemikrise

  4. Glad i norske bær? Då kan du få deg ei overrasking denne sesongen.

  1. Koronaviruset
  2. Koronaviruset
  3. Karantene
  4. Kvam