Ho blir ny sjef for Helse Vest

Inger Cathrine Bryne blir ny direktør for Helse Vest RHF.

Publisert Publisert

NY SJEF: Inger Cathrine Bryne skal leie Helse Vest. Foto: Helse Stavanger

  1. Leserne mener

Styret i Helse Vest tilsette Inger Cathrine Bryne som ny administrerande direktør i eit ekstraordinært styremøte torsdag.

Ho er i dag administrerande direktør i Helse Stavanger HF, og har hatt fleire leiarstillingar ved Sørlandet sykehus. Hohar ein Executive Master of Business Administration (MBA) frå Norges Handelshøyskole (NHH).

– Eg er glad for å få denne mogelegheita, og eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle gode og likeverdige spesialisthelsetenester for befolkninga på Vestlandet, seier Bryne i ei pressemelding.

Styreleiar i Helse Vest RHF, Einar Strømsvåg, seier dette om Bryne:

– Ho har erfaringa, kompetansen og engasjementet som skal til; ikkje berre for å drive god og sikker styring av føretaksgruppa, men også for å leie utviklinga og fornyinga som må til framover.

Publisert