Frå måndag går Bybanen til Sandsli

Måndag opnar den tredje bybanestrekninga i Bergen. Slik skal det feirast.

NYTT ENDESTOPP: På måndag kan du ta Bybanen frå sentrum og heilt hit, til Birkelandsskiftet terminal. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Det er klart for opning av den nest siste etappen på Bybanens ferd mot Flesland. Måndag 15. august opnar bybanestrekninga mellom Lagunen og Birkelandsskiftet.

Med dette får banen fem nye stopp: Råstølen, Sandslivegen, Sandslimarka, Kokstad og Birkelandsskiftet.

Banen skulle eigentleg opne heilt til Flesland, men fordi den nye terminalen på Flesland enno ikkje er opna, vil det ta enno eitt år før ein kan ta Bybane heile vegen dit.

Bybanen startar å gå til det nye endestoppet allereie om morgonen måndag, men på grunn av eit opningsarrangement vil det gå buss for bane i tidsrommet 9–14. Les meir og høyr trudeluttane som blir spelt på dei nye stoppa:

Les også

Syv ting du må vite om det nye bybanestrekket

Slik er programmet

OPNAR: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun, ordførar Marte Mjøs Persen og byrådsleiar Harald Schjelderup deltar alle på opninga av den nye bybanestrekninga.

SPELAR: Miss Tati er blant artistane som skal opptre på opninga onsdag. Vegar Valde (arkiv)

Måndag blir det høgtideleg opning av den nye strekninga. Det heile startar klokka 11.10 på Råstølen, der samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) og ordførar i Bergen Marte Mjøs Persen (Ap) skal stå for den offisielle opninga.Olsen og Hestetun har tidlegare hatt sine kranglar. Slik gjekk det til dømes då dei møttest før sommaren: Kalla Hestetun for Hordalands Bård Hoksrud

På Råstølen skal også artisten Sigrid Moldestad opptre.

På Sandslimarka klokka 11.35 opptrer Ytrebygda skulekorps og barn frå barnehagar i området. Klokka 11.50 held byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) tale på Birkelandsskiftet. Der skal også artisten Miss Tati og forfattar Frode Grytten opptre.

Åtte minuttar lengre bane

Det tar åtte minuttar å køyre den nye bybanestrekninga frå Lagunen til Birkelandsskiftet. Frå Byparken til det nye endestoppet vil det no ta 39 minuttar.

Linja vidare til Flesland er klar, men vil altså ikkje opne før om endå eit år fordi den nye terminalen ikkje er ferdig. Då vil heile bybaneturen ta mellom 43 og 44 minuttar.

LENGRE: Det er ikkje berre bybanestrekninga som blir lengre, det blir også vognene som no er 42 meter lange. Elias Dahlen

Du kan likevel allereie no kome deg til Flesland på ein vanleg skyss-billett. Det vil bli køyrd buss for bane frå Birkelandsskiftet til Flesland det komande året. Dermed blir det no mogeleg å reise frå sentrum til Flesland på ein langt rimelegare måte enn tidlegare.

I samband med at bybanestrekninga blir lenger, blir også vognene lengre. Dei nye vognene er heile 42 meter lange, ti meter lengre enn før. Det gjer at det er plass til 278 passasjerar på kvar bane.

BT var med på første avgang med dei lange vognene:

Les også

Den er blitt mye lengre – og har fått «rumpehvilere»

Heile den nye strekninga har kosta 3,5 milliardar kroner å byggje.