Barnehage loggførte «Mathias» i månadsvis

Barnehagen meinte "Mathias" (3) var skitten, fillete og seksuelt utagerande. Sjokkerte foreldre vart vitne til at politisaka kokte vekk i ingenting.

Publisert: Publisert:

GLAD GUT: Då Bergens Tidende vitja tobarnsfamilien, sprang vesle "Mathias” rundt, og var nyfiken og hylande av fryd i dissa på fireåringars vis. No håper foreldra at dei kan legge den vonde tida bak seg. Foto: TOR HØVIK

Per Marifjæren

Etter ei kort etterforsking, inkludert dommaravhøyr av treåringen, avslutta politiet saka utan å ha funne grunnlag for mistanken om at guten var seksuelt misbrukt.

Foreldra føler seg grovt krenkja av påstandane, og fortel om ei traumatisk tid. No krev dei oppreising og orsaking frå eigaren av barnehagen, Flora kommune.

— Vi kan ikkje kommentere dette, utover at klagen vil bli handsama etter reglane, seier kommunalsjef for skule og barnehage, Guri Langaas.

Slutta å helse

Foreldra meiner seg grovt trakasserte og motarbeidde i den kommunalt eigde barnehagen.

— Det er også opplagt for oss at tilsette i barnehagen må ha brote teieplikta. Andre foreldre slutta brått å helse på oss. Vi sjølve ante ingenting om mistankane mot oss, seier mor til den no fire år gamle guten.

Les også

– Det er betre å varsle for ofte

Det var i juni i år ein tilsett i barnevernet i Flora kommune kom og henta "Mathias" i barnehagen. Turen gjekk til Førde, der det vart gjort eit dommaravhøyr av guten. Politiet avhøyrde i tillegg begge foreldra og fleire tilsette i barnehagen, og saka vart avslutta to veker seinare. Då hadde ikkje politiet funne indikasjonar på at "Mathias” var seksuelt misbrukt, og følgjeleg heller ikkje grunnlag for å sikte nokon i saka.

— Det stemmer at vi opna ei undersøking av denne saka, men den vart avgjort utanfor straffesak og er no avslutta, seier politiadvokat Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Heim frå Nordsjøen

Men for familien til "Mathias” er det ikkje over. Etter å ha fått innsyn i saksdokumenta føler dei seg sterkt krenkja og sjikanert, og fortel om ei psykisk belastande tid. Faren jobbar i Nordsjøen, og vart sjukmeld og heimsendt då saka kom for dagen. Mora studerer, og fekk saka i fanget midt i eksamenstida.

Familien har lite å utsetje på måten barnevernet og politiet har handtert saka. Derimot er dei svært kritiske til korleis barnehagen har gått fram.

Bakgrunnen er påstandane og loggføringa i den uromeldinga barnehagen sendte til barnevernet i vår. Her heiter det mellom anna at den då tre år gamle guten hadde eit behov for å vise kjønnsorganet fram til andre barn. I september 2011 starta dei tilsette å føre logg over korleis "Mathias” oppførte seg.

Her blir ei rekke episodar skildra kronologisk, episodar der "Mathias” skal ha utvist seksualisert åtferd overfor andre barn, og episodar der han er valdeleg. Guten blir omtala som "ofte skitten og luktet vondt”.

Foreldra reagerer også på måten dei sjølv blir omtalt på: "Mor er veldig forknytt, sier nesten ingenting, har blitt veldig mager. (...) Far virker veldig mistenksam, personalet synes det er ubehagelig å være alene med ham, han virker som en person som ønsker å ha kontroll", heiter det blant anna.

Aktiv og krevjande

— Det er berre så grenselaust krenkjande og sjikanerande, seier mora. - Mistenksam, ubehageleg å vere aleine med, sikker på at han skulle slå? Det får vere grenser for kva ein kan tillate seg av fri synsing i ein slik rapport. Og meg som ein forknytt, mager og kua type? Eg snakkar gjerne ikkje så høgt alltid, og har vore ei slank dame heile livet. Eg finn meg ikkje i det, og det gjer heller ikkje mannen min.

Dei meiner at barnehagen aktivt har prøvd å produsere eit bilete av far som valdeleg overgripar, mor som kua og passiv tilskodar og "Mathias” som eit forsømt incestoffer.

- Kvifor skulle dei tilsette i barnehagen ville gjere noko slikt?

— "Mathias” er eit svært aktivt og ofte krevjande barn. Han vart gjort til syndebukk i denne barnehagen, og personalet likte heller ikkje oss foreldra.

Ifølgje foreldra har dei aldri opplevd "Mathias” slik han er skildra i uromeldinga, og ikkje registrert påfallande eller unormalt seksualisert oppførsel heime eller elles i fritida.

Les også

Mistanke råkar heile familien

— "Mathias” likar å vere i sentrum, og fagfolk veit jo at ønsket om merksemd kan føre til provoserande oppførsel. Han er eit barn og kan sjølvsagt ha gjort ting som det skal reagerast på, men dette har barnehagen i alle fall ikkje tatt opp med oss foreldra, seier mora.

- Men kvifor skulle personalet ha slik motvilje mot dykk foreldra?

— Det kan vere fleire årsaker, vi hadde ingen god dialog. Til dømes opplevde vi fleire gonger at "Mathias” hadde bæsj i bleia når vi henta han. Slik hadde han gått så lenge at bæsjen var størkna på huda og måtte skrapast av heime i dusjen. Eg tok dette opp fleire gonger på tomannshand med personalet. Då det ikkje hjalp, sa eg til slutt – så andre foreldre høyrde det – at dei måtte då skifte bæsjebleiene på barnet. Eg merka at det fall dei tilsette tungt for brystet, seier faren.

Positiv dialog

Tobarnsfamilien budde i Flora fram til i sommar. Flyttinga var planlagt lenge før denne saka kom opp. På den nye staden har dei starta bygging av nytt hus, og her har dei også "Mathias” si mormor i nærleiken. Ho har teke saka svært tungt, og har støtta dottera og svigersonen fullt ut.

— Eg har jobba over 20 år i helsevesenet, og er heilt skaka. Skuldingane om overgrep og omsorgssvikt er reint oppspinn. Han blir bada minst annakvar dag etter behov, og har alltid reine klede på seg når han reiser heimefrå. Foreldra har jobba kontinuerleg med oppførselen hans, og hadde forventa profesjonell hjelp og støtte frå barnehagepersonalet. I staden opplever dei altså å bli loggført i skjul og melde til barnevern og politi, seier mormora.

Barnevernet i Flora har sendt saka over til barnevernet i familien sin nye heimkommune. Der har foreldra innleia ein positiv dialog med barnevernet.

— Vi vil vise at alle i vår familie har det godt, og håpar vi snart kan leggje dette bak oss. Men eg tenkjer på at det går andre barn i denne barnehagen. Eg unner ingen andre å bli behandla på den måten som vi vart, seier faren.

Publisert: