Hybelhusterror

Tre klagesaker frå Møhlenpris Vel kan medføra krav om søknad om bruksendring for hybelhus.

Publisert Publisert
  • Asbjørn Kristoffersen
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

— EG TENKTE at dette held eg ikkje lenger ut!

To hybelhus ligg inn mot bakplassen hennar, eit tredje ligg vegg-i-vegg. Dagen før var det vorspiel til bortimot tolv, nachspiel frå firetida om morgonen.

— Du får skaffa deg ei hagle...

— Eg er redd for at eg ville brukt henne!

Den middelaldrande kvinna bur i eit meir enn to hundre år gammalt hus, eit av dei best bevarte trehusa på Nordnes. På gatesida er det små forhagar og eit frodig gatetun, der dei fastbuande naboane samlast, stundom til felles måltid.

Ein idyll. Ein stad å visa fram for gjestar frå Fana og Frankrike. Eit visittkort for Bergen og for byrådet.

SKULLE HO selja fordi ho ikkje held ut nærkontakten med festglade studentar lenger, er det fare for at nabolaget går i oppløysing.

Sjølv om ho vel å selja til kjøparar som ho meiner vil bli nye fastbuande, kan det bli hybelhus ved neste sal. Den verneverdige, sjeldne innreiinga med dører og lister og rominndeling kan enda i Rådalen, for å gje plass til så mange studentar som råd er.

I det idylliske gatetunet kan det bli endå fleire fastbuande som ikkje lenger held ut. Slik raknar stadig fleire bumiljø i dei sentrale bydelane.

HYBLIFISERINGA har pågått i fleire tiår, tilsynelatande utan at kommunen har gjort noko som helst for å stoppa utviklinga.

Knut S. Bjerke meiner kommunen har drive la-det-skure-politikk. Han har engasjert seg i hybelhusspørsmål sidan midten av åttitalet, som politisk representant for Venstre og som aktiv i Møhlenpris Vel. Med Universitetet som nær nabo, har Møhlenpris vore ekstra utsett for hyblifisering.

Møhlenpris og Nygårdshøyden var dei første bydelane som fekk nedfelt vedtekter i kommunedelplanen som skulle hindra omgjering av store leilegheiter til bufellesskap, og ei avgrensing av kor stor del av husa som kunne avsetjast til toroms husvære eller mindre. Dette er sidan gjort gjeldande for heile kommunedelplan sentrum. Det er denne paragrafen Møhlenpris Vel krev blir gjort gjeldande i tre konkrete tilfelle. Ei av desse sakene ligg no hos Fylkesmannen til vurdering.

OM VEL'ET når fram, kan det innebera at det må søkjast om bruksendring hos Bergen kommune for å etablera hybelhus, også for bufellesskap i gamle leilegheiter. Krav om søknad om bruksendring kan jamvel bli gjort gjeldande uavhengig av denne paragrafen. I så fall kan det framtvinga store endringar i utleigemarknaden, særleg i sentrale bydelar.

Bjerke meiner det er opplagt at dei som har bygd om hus og leilegheiter til hybelføremål utan kommunal godkjenning, må søkja om bruksendring. Han er meir usikker på kva konsekvensane blir for dei som driv hybelhus utan å ha gjort bygningsmessige forandringar, men trur at også ein del slike tilfelle kan føra til krav om bruksendring.

Kommunalråd Lisbeth Iversen (KrF) har uttala til BA at ho meiner kommunen ikkje kan ha styring med kven som bur i eit hus, men at kommunen no arbeider med måtar å få ei betre styring med hyblifiseringa.

NØSTET OG SYDNES Vel har gjort ei oppteljing som viser at andelen reine utleigebygg i bydelen har auka med meir enn 30 prosent dei siste tre åra. Dei aller fleste huseigarar sel til høgstbydande, og det er gjerne hybelhus som gjev best avkasting for kjøparane.

Slik har det også gått i nabolaget til den middelaldrande kvinna på Nordnes. I det ikkje altfor store trehuset som ligg vegg-i-vegg med hennar hus, budde det tidlegare ein familie, med eitt utleigehusvære. No bur det tolv ungdomar i dette huset, har ho rekna seg til: Einfamiliehuset er ombygd til maksimal hybelutnytting.

OM HYBELBUARANE betaler 3500 kroner månaden i snitt, som ho meiner dei gjer, gjev det leigeinntekter på om lag 500.000 kroner året ved maksimal drift. Det er langt over kva tradisjonell utleige ville gjeve i utteljing. Huseigarbransjen har dessutan hatt svært gunstig skattlegging, som rett nok er blitt ein smule mindre gunstig dei siste par åra. Men samtidig har etterspørselen og prisane auka vesentleg - studentane skal absolutt bu sentralt i byen.

Det var med då også med hybelhus dei starta, fleire av byens rike kvinner og menn. Naboen til huseigaren på Nordnes har ei lang rekke med eigedomsselskap.

DEI MEST synlege utslaga av hyblifiseringa er forfall og forslumming. Kjenneteikna for hybelhus er gjerne manglande vedlikehald, overfylte bosspann og ingen forsøk på å bidra til utandørs trivsel. Dei færraste hybelhuseigarane tek ansvar for nærmiljøet.

Skulle den middelaldrande kvinna på Nordnes og mange andre som henne gje opp, vil Bergen missa hundretals gratis vaktmeistrar og kjeftakjerringar.

Det har ikkje byen råd til. Klagesaka frå Møhlenpris Vel kan gje byrådet den reiskapen det treng.

Samd med artikkelforfattaren? Sei di meining.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Løvstakktunnelen og Damsgårstunnelen var stengt tirsdag morgen

  2. Politiet må slutte å ta førerkortet fra hasjbrukere

  3. Klager på russefest i Fana: – Litt må de få lov til

  4. Sjekk idrettens plan for Slettebakken

  5. For 131 år siden var det et luksushotell. Et samboerpar på jobbjakt har lagt store planer.

  6. Magne gikk tom for strøm – ble nektet på bussen

  1. Arna