Han kasta «spynorsk mordliste» på bålet

Han sette fyr på nynorsk ordliste i valkampen og vart sjølve symbolet på nynorskhatet. Reaksjonane var så sterke at Harald Viktor Hove (H) vart sjuk. BT-juryen har kåra Ivar Aasen, mannen bak ordlista, til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane».

  • Kjersti Mjør
  • Tonje Aursland
Publisert Publisert
  • Start lyden ved å trykka på play øvst i artikkelen
icon
Denne artikkelen er over tre år gammel

Han var 22 år med stortingsambisjonar. Før stortingsvalet i 2005 laga Unge Høgre-politikaren Harald Viktor Hove reklamefilmar om kampsakene sine.

Ei av dei var å fjerna sidemålsundervisninga.

I filmen kasta han nynorskordlista, eller «spynorsk mordliste», på bålet. Reaksjonane var enorme. Tretten år seinare les Harald Viktor Hove framleis ikkje kommentarfelt.

– Eg vart pepra frå alle kantar, fortel Hove i podkasten om Ivar Aasen.

ANGRANDE: Harald Viktor Hove fekk så sterke reaksjonar etter at han brende ordlista, at han vart dårleg. Foto: Rune Berentsen (arkiv)

– Eg trudde eg var Ivar Aasen reinkarnert

I denne episoden møter du også forfattaren Gunnhild Øyehaug, som var sikker på at ho var Ivar Aasen reinkarnert då ho var lita jente. Ho trudde ho kome til å få same skjebne som språksamlaren.

Det innebar mellom anna å aldri bli gift, men ho tenkte:

«Blir det min skjebne, skal eg ta den!»

TO I EIN: I barndomen trudde Gunnhild Øyehaug at Ivar Aasen hadde teke bustad i kroppen hennar. - Eg var ein einstøing, raring, og kjende meg att i han, seier forfattaren. Foto: Ivar Aasen-tunet/Eirik Brekke (arkiv)

Også Sylfest Strutle, Harald Eia og Ingvild Bryn dukkar opp i episoden.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Publisert
  1. Dei 15 mest vestlandske vestlendingane
  2. Ivar Aasen
  3. Ørsta
  4. Språk
  5. Nynorsk
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Begge overlevde Utøya. Torbjørn ble i politikken, Martin havnet i fengsel.

22. juli 2011 løp de for livet. Ti år etter er «Martin» i fengsel, mens Torbjørn skal forsvare hans hjertesak…

Mest lest akkurat nå

  1. Smittetallene øker etter denne kvelden: – Det var svett og klamt

  2. Nå er han sendt fra Bergen til Polen: – Jeg kommer til å dø i fengsel

  3. Deltavarianten har tatt over. Disse grafene viser hva som nå kan skje i Norge.

  4. Nektes båtreise fra Bergen. – Det er rare regler, medgir Fjord Line.

  5. Mann hentet av luftambulanse etter badeulykke på Voss

  6. Tøffe, småstygge og kyniske. Slik skal Bjarg banke Brann.