• Start lyden ved å trykka på play øvst i artikkelen

Han var 22 år med stortingsambisjonar. Før stortingsvalet i 2005 laga Unge Høgre-politikaren Harald Viktor Hove reklamefilmar om kampsakene sine.

Ei av dei var å fjerna sidemålsundervisninga.

I filmen kasta han nynorskordlista, eller «spynorsk mordliste», på bålet. Reaksjonane var enorme. Tretten år seinare les Harald Viktor Hove framleis ikkje kommentarfelt.

– Eg vart pepra frå alle kantar, fortel Hove i podkasten om Ivar Aasen.

ANGRANDE: Harald Viktor Hove fekk så sterke reaksjonar etter at han brende ordlista, at han vart dårleg.
Rune Berentsen (arkiv)

– Eg trudde eg var Ivar Aasen reinkarnert

I denne episoden møter du også forfattaren Gunnhild Øyehaug, som var sikker på at ho var Ivar Aasen reinkarnert då ho var lita jente. Ho trudde ho kome til å få same skjebne som språksamlaren.

Det innebar mellom anna å aldri bli gift, men ho tenkte:

«Blir det min skjebne, skal eg ta den!»

TO I EIN: I barndomen trudde Gunnhild Øyehaug at Ivar Aasen hadde teke bustad i kroppen hennar. - Eg var ein einstøing, raring, og kjende meg att i han, seier forfattaren.
Ivar Aasen-tunet/Eirik Brekke (arkiv)

Også Sylfest Strutle, Harald Eia og Ingvild Bryn dukkar opp i episoden.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.