Slik selde den bergenske kompisgjengen kilovis med ulovleg doping på nettet

– Det byrjar å søkke inn kva eg faktisk har vore med på, seier ein av mennene som er tiltalt i den enorme dopingsaka. I BT20 fortel han heile historia om «Rofls helsekost».

Eit av dei største dopingnettverka i noregshistoria er under opprulling.

Tre av dei involverte dreiv nettbutikken «Rofls helsekost» med base i Bergen.

Der selde dei kilo på kilo med stereoidar og tunge medikament i fleire år.

STORE MENGDER: Dette varelageret tilhøyrde mennene bak «Rofls helsekost». Vekas episode BT20 handlar om oppturen og fallet til den ulovlege nettbutikken. POLITIET

Denne veka handlar BT20 om korleis dei organiserte den ulovlege nettbutikken, og korleis dei blei tekne til slutt.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

ARRESTERT: Politiet har sidan 2015 arbeidd med å avsløre dopingnettverket. Etterforskinga har hatt namnet «Operasjon Hush». Arkiv

Gjest i vekas episode er BT-journalist Christian Nicolaisen. Han har følgt politietterforskinga kalla «Operasjon Hush» sidan 2015.

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.