Då Per Åkernes var ung, greidde han å presse knyttneven ned i rivna i fjellet. 60 år seinare er sprekken tre-fire meter brei.

Her må trollet ha vore. I vilt raseri har han drege kniven, køyrt han til botnar og skore nedover. Men sinnet tok slutt, kreftene ebba ut og stålet blei sløvt. Til slutt makta han berre så vidt dra kniven or berget.