Seks kommunar får kongebesøk

Kong Harald og dronning Sonja gjer ei rundreise i Hordaland denne månaden. Sjå programmet!

  • Rune Christophersen
  • Maria Pile Svåsand
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Dei seks kommunane som får kongebesøk er Tysnes, Austevoll, Fedje, Lindås, Austrheim og Radøy.

Kongeparet hadde planlagd å vitje desse kommunane i 2005, men besøket vart avlyst grunna Kongen sin sjukdom og fylkesturen utsett.

Fire av kommunane som no får kongeleg vitjing, har ikkje hatt kongeparet på offisielt besøk før.

-Vi ønskjer å presentere vårt aktive og kreative næringsliv og blomstrande kulturliv. Og naturen i Hordaland fins det jo ikkje maken til. Vi ser veldig fram til besøket, seier fylkesmann i Hordaland, Svein Alsaker.

Fylkesmannen og kommunane som får besøk har allereie jobba med programmet for kongebesøket sidan i fjor haust.

Kongeparet vil nytte Kongeskipet Norge under vitjinga.

— K/S Norge ankrar opp utanfor stadane som får besøk, og kongeparet kjem i land med sjalupp. Det blir eit fargerikt innslag at dei kjem med skipet, seier Alsaker.

Fylkesturen vert innleia på Tysnes den 16. juni kl. 10.00 og avslutta på Radøy den 18. juni om lag kl. 13.00.

— Eg reknar med festpynta bygder med flagget til topps. Vi har eit flott kongepar som folket er glade i, avsluttar Alsaker.

Sjå programmet her (pdf-fil)

Publisert
BT anbefaler

Aleksander (35) fra Bergen omkom på fjelltur

Mannen var alene på fjelltur mellom Malmangernuten og Melderskin i Rosendal da han omkom.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Kom deg ut for å grille så fort som mulig

  2. Trafikkuhell på E39 i Masfjorden. Flere tunneler stengt.

  3. – Veien har på rekordtid blitt den største campingplassen i Bergen

  4. – Hadde vi ikke tatt risiko ville vi ikke overlevd i snart 150 år

  5. 20 år gammal vart han kalla eit «statsministeremne». Så vart det stille rundt Pål.

  6. Russiske fiskere avhørt etter to kabelbrudd. Begge sakene henlagt.