Kjempestein landa få meter frå telta

– Eg åtvara dei mot steinsprang, men dei høyrde ikkje på meg, seier fastbuande.

Publisert Publisert

Rundt telta som er sett opp nedst i Stalheimskleiva ligg steinraset. Til all lukke trefte ikkje dei store steinane telta. Foto: Privat

  • Kari Pedersen

Eit stort steinsprang var nær ved å treffe teltturistar i Nærøydalen natt til laurdag. Kjempestein på over tre tonn landa berre meter frå telta.

Berre timar før raset gjekk vart dei åtvara av fastbuande Roar Jordalen.

– Eg sa til dei at området er rasutsett. Eg ville aldri ha sett opp telt der.

Rasa i fjor på same plass

Jordalen fortel at han peika på kjempesteinar som låg berre nokre meter frå teltplassen:

– Dei steinane fell på same tid i fjor. Dei landa i vegen og vi skubba dei vekk.

Teltarane snakka norsk, men forstod openbert ikkje alvoret i meldinga dei fekk.

– Det kan ikkje ha gjort stort inntrykk, for dei flytta seg ikkje, konstaterer han.

Raset gjekk i tretida på natta.

Avisa Hordaland skriv at entreprenør rykka ut og bad dei overnattande gå bort frå staden. Då for dei i bilane sine. Telta lét dei stå.

– Den største steinblokken veg fleire tonn, seier Roar Jordalen. Foto: Privat

– Tydeleg prega

Om morgonen trefte Jordalen dei då han var ved rasstaden i halv åttetida.

– Dei kom gåande og var tydeleg prega av opplevinga. Det må ha vore skremmande å kjenne bakken rista under telta.

– Kva sa dei til deg då?

– Dei sa ikkje stort.

Rundt telta deira låg fleire kjempesteinar. Ifølgje Vegtrafikksentralen er den største på heile to kubikk. Då veg steinen minst tre tonn.

Teltarane var ifølgje Jordalen godt vaksne folk i alderen 45–55.

Bileta tok Jordalen før han trefte dei. No reknar han med at telta er fjerna.

Roar Jordalen og sonen Aksel i fjøset med eit av årets lam. Foto: Privat

Politiet melde om raset på Twitter laurdag morgon.

– Større steinar har rast ut ved Stalheimselvi-Nærøydalsvegen, nær krysset til E16, skreiv politiet på Twitter.

Vegen stengd

Trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy ved Vegtrafikksentralen opplyste laurdag morgon at raset gjekk på gamlevegen som går gjennom Stalheimskleivane.

Vegvesenet stengde vegen for trafikk klokka ni laurdag morgon. Då hadde allereie far til Jordalen vore øvst i den einvegskøyrde kleiva og blokkert for innkøyring.

Jordalen seier rasplassen ligg like ved krysset med E16 nede i Nærøydalen.

– Rasfaren er stor no. I går fekk vi store mengder regn for første gong på lenge og snøsmeltinga er stor. Det er så mange faktorar som tilseier at det vil gå steinras, seier han.

Stalheimskleiva er framleis stengd og kjempesteinane vert ikkje rydda så lenge det er rasfare, seier Skånøy på Vegtrafikksentralen.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Geolog: – Det raste i samme område for to år siden

  2. Vogntoget lå meter fra stupet, dekket av jord og stein. Et lite lys på dashbordet ble redningen.