Trine Frantzen forsvann sporlaust for 15 år sidan. Kan vi endeleg få svar på kva som skjedde natta ho blei borte?
PODKAST: Svaret på kriminalgåta kan liggje i ei grav på Øvsttun gravplass. Høyr podkasten om Trine Frantzen-saka her.
HER KAN SVARET LIGGJE: Politiet undersøkjer no tolv graver på Øvsttun gravplass. Teorien er at Trine Frantzen kan ha blitt lagt i ei av dei. Foto: Eirik Brekke
Kva som skjedde med Trine Frantzen er ei av dei største kriminalgåtene i Norge.
For 15 år sidan forsvann ho sporlaust frå ein fest. Kor ho blei av, er framleis eit mysterium.
No har nye spor ført til at ein leitar etter henne i gamle graver på Øvsttun gravplass.
Kan familien, som har kjempa for ei oppklaring i årevis, endeleg få eit svar på kva som skjedde mai-natta ho forsvann?
Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.
Gjest i podkasten denne veka er krimjournalist i BT, Ørjan Torheim, som har følgt saka i ei årrekke.