Nytt byråd i Bergen – lovar bilfrie soner, færre parkeringsplassar og kjøttfri dag

Og det nye byrådet vil greie ut bybane i tunnel.

Publisert:

FERDIG Å FORHANDLE: Etter nesten seks veker med forhandlingar presenterte KrF, MDG, Ap og Venstre den nye byrådsplattforma i kveld. Foto: Rune Sævig

Ap, KrF, Venstre og MDG la måndag kveld fram den nye byrådsplattforma for Bergen. Dei fire partia er altså einige, og klare for å danne nytt byråd.

Plattforma er ein avtale mellom partia som slår fast korleis dei vil styre byen og kva saker dei vil prioritere.

Roger Valhammer (Ap), Håkon Pettersen (KrF), Thor Haakon Bakke (MDG) og Erlend Horn (V) la fram plattforma på Bergen brannstasjon måndag kveld.

At Bergen skal bli Noregs grønaste by, ha kontroll på økonomien og ikkje auke eigedomsskatten var tre av lovnadane Valhammer kom med då han presenterte avtalen.

– Vi skal levere ein politikk innan klima, miljø og bypolitikk utan sidestykke, lova byrådsleiaren.

SEINT: Arbeidarpartiet kom til pressekonferansen på brannstasjonen rundt 21.00 måndag kveld. Frå før var det allereie klart at Marte Mjøs Persen held fram som ordførar. Foto: Rune Sævig

Les også

Fire store problem for Valhammer og det nye byrådet

Vil ha Bryggen – opnar for tunnelutgreiing

Det var knytt spenning til kva dei fire partia ville seie om Bybanen mot Åsane. Både KrF og Venstre har stått hardt på at dei ønskjer Bybanen over Bryggen, men det er ikkje fleirtal for dette alternativet i bystyret.

Valhammer gjorde det klart på pressekonferansen at dei fire partia er einige om at dei meiner den raskaste og beste måten å få bygd Bybanen til Åsane er å bygge den over Bryggen, som allereie vedtatt.

– Men vi anerkjenner at vi er eit mindretalsbyråd, vi har lagt bak oss ein valkamp og fleire år med diskusjon. Den vil kome opp igjen, og det er lite tillit mellom partia. Difor vil vi sjølv bestille ei utgreiing av tunnelalternativet, seier han.

Det er då snakk om alternativet med ein tunnel frå Peter Motzfeldtsgate.

– Det vil vi bestille med ein gong me tiltrer, seier Valhammer.

Færre bilar i sentrum

Byrådet vil ha bilfrie soner i både sentrum og bydelane. Totalt sett skal trafikken i Bergen reduserast med 30 prosent i neste periode.

– Færre parkeringsplassar og dyrare parkeringsavgift er nokre av tiltaka. Det skal bli meir attraktivt å velje miljøvenleg, sa Thor Haakon Bakke (MDG).

Partia er også einige om å seie nei til utbygging av nye, store kjøpesenter i Bergen og redusere cruiseturismen for å nå målet om ein fossilfri by innan 2030.

– Cruiseturismen skal ned, slo Bakke fast under pressekonferansen.

Han fortel også at kommunen skal innføre minst ein kjøttfri dag i sine kantiner.

BYRÅD: Håkon Pettersen (KrF), Erlend Horn (V), Roger Valhammer (Ap) og Thor Haakon Bakke (MDG) er klare for å danne byråd. Foto: runes

Gratis SFO og nærbarnehage

Det nye byrådet går inn for gratis SFO for dei yngste barna. I tillegg vil dei innføre prinsipp om nærbarnehage og opnar for kveldsbarnehage.

KrFs store sak i valkampen var å gi eit aktivitetskort med ein verdi på 5000 kroner til alle barnefamiliar. I plattforma seier byrådet at dei skal jobbe for å bli ein del av ei nasjonal ordning med slike aktivitetskort. I så fall skal kommunen bidra med 1000 kroner ekstra for kvar familie.

KrF har også fått gjennomslag for ein kommunal eingongsstønad på 10.000 kroner til gravide utan opptente rettar til foreldrepengar. Ein reduksjon frå dei 50.000 KrF gjekk til val på.

– Det me presenterte i valkampen var ein ambisjon om kva me kunne få til om folk stemte på KrF. Så fekk me 3,1 prosent av stemmene, og då tenkjer eg at me har fått mykje gjennomslag, seier KrFs Håkon Pettersen.

Plattforma legg opp til å stoppe skjenking på strippeklubb, men opnar for alkoholservering på kino.

Kommunale heimetenester

Byrådet slår fast at eigedomsskatten ikkje skal aukast i perioden.

Dei vil ikkje konkurranseutsette fleire tenester til kommersielle aktørar, men vil gjerne nytte idelle aktørar. Det kan også vere aktuelt å utvide bruken av idelle aktørar, heiter det i plattforma.

Det nye byrådet vil rekommunalisere heimetenestene, slik at all praktisk bistand i heimen er gitt av kommunalt tilsette. Det same gjeld reinhald av kommunale bygg.

EINIGE: Men det er enno ikkje klart korleis partia vil fordele byrådspostane. Foto: Rune Sævig

Frykta lekkasjar

Frå klokka 18.00 i kveld har partia diskutert plattforma internt. I frykt for lekkasjar samla MDG inn alle telefonar og elektronisk utstyr frå sine medlemmar.

På førehand var det allereie avklart at Marte Mjøs Persen (Ap) held fram som ordførar, og Rune Bakarvik (Ap) blir varaordførar.

Det er enno ikkje klart korleis partia vil fordele byrådspostane. Dette blir klart tysdag.

Vegen fram til plattforma har vore lang. I nesten seks veker har partia forhandla.

I fem av dei sat også SV rundt forhandlingsbordet, før dei blei kasta ut i siste sving fordi KrF nekta å sitje å byråd med eit parti som ligg så langt til venstre.

– Det har vore ei lang og kronglete reise, seier Erlend Horn (V).

Høyr podkasten BT20 korleis valtaparane klarte å stable det nye byrådet på beina her:

Publisert: