- Når eg såg ei syltynn jente i rullestol, tenkte eg at ho var flinkare enn meg

Marianne Clementine Håheim (28) måtte leggast inn på Haukeland då ho fekk anoreksi som 14-åring. — Ideala for kva som er attraktivt er blitt strengare, seier forskar.

Publisert:

BLEI LAGT INN: - Eg var villig til å vere der, men ikkje å gå ned i vekt, seier Marianne Håheim om innleggjinga ved Haukeland. Det tok halve opphaldet for å innsjå at ho trengde hjelp. Foto: Paul Sigve Amundsen

Elise Løvereide

— Eg var nok ikkje bevisst på det som tenåring, men det er rart å sjå korleis Tynne-Monica i serien Friends er ein fundamentalt ulik karakter enn den klumsete Tjukke-Monica, seier Marianne Clementine Håheim.

På same måten trudde ho at ved å bli tynn, kunne ho endre heile seg sjølv. Det byrja med at ho blei forelska i ein gut.

— Eg tenkte at alle gutar vil jo ha ei tynn jente. På eit eller anna tidspunkt fann eg ut at eg ikkje var tynn, seier ho.

Den normalvektige jenta førte streng treningsdagbok i ein alder av berre 12 år. Då ho merkte at det verka, blei ho berre meir besett. Til slutt måtte ho leggjast inn på barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling på Haukeland.

— I løpet av eitt år hadde eg halvert vekta mi. Det gjekk så fort, seier Håheim.

Skreiv bok om sjukdomen

I fjor skreiv Håheim boka «Svart belte», om sjukdommen som har tatt frå ho så mykje.

— Det å skrive om sjukdommen var nok litt terapi. Eg ønskjer å bruke mi erfaring til å hjelpe andre, seier Håheim.

Framleis må ho unngå visse agendaar og sosiale relasjonar, til dømes ulike Instagram-profilar. For å få optimal livskvalitet, meiner Sunnfjord-kvinna at samfunnet treng ein omvelting: I staden for å bli sint på seg sjølv, oppmodar ho om heller å bli sint over kroppsideala.

— Det er ikkje greitt at samfunnet stiller dei krava. Det er betre å vere litt forbanna, meiner ho.

Les også:

Les også

Trening er ikkje nok

SJUK: På det verste kunne ikkje Marianne gå sjølv. I 2002 måtte ho leggast inn på Haukeland sjukehus for å bli frisk. Til høgre: Venninne Kjersti Wøien Håland. Foto: Privat

— Ho var flinkare enn meg

Tilbake på Haukeland i 2002 var 15 år gamle Marianne Håheim ei jente som knapt kunne gå. Det tok to månadar før ho forsto kvifor ho var lagt inn.

— Eg såg ikkje problemet. Men uansett kor mykje kroppsvekt du mister, blir du aldri nøgd. Du når aldri målet, seier ho, og legg til at hjernen ikkje fungerer når ein er hardt råka av spiseforstyrring.

Ein dag på klinikken såg ho ei syltynn jente i rullestol.

— Eg tenkte aldri at ho såg sjuk ut, eg tenkte at ho hadde vore flinkare enn meg, seier Håheim.

- Ideala har blitt strengare

Håheim er ikkje åleine. Så mange som 230.000 norske kvinner i alderen 15–44 år har ei spiseforstyrring av eit eller anna slag. Ein trur også at stadig fleire menn blir sjukeleg opptekne av vekt og kropp.

— Spiseforstyrring har ikkje auka i omfang, men det er meir milde spisevanskar no enn før. Det vil seie fleire personar som har eit anstrengt forhold til vekt, mat og eigen kropp.

KRITISERER KROPPSPRESS: Etter meir enn ti år med spisevegring, ønskjer Marianne Håheim ein kritisk debatt om kroppspress. - Presset kjem frå alle kantar, heile tida, og er så godt som umogeleg å unngå, seier Sunnfjordkvinna. Foto: Paul S. Amundsen

Det seier forskar og psykologspesialist Liv Sand. Ho har skrive doktorgrad om kroppsbilete og spisevanskar blant barn og unge, og meiner at kroppspresset har blitt sterkare dei siste åra:

— For det første har ideala for kva som er attraktivt blitt strengare, med krav om å vere slank og godt trent, på ein måte som ikkje er mogleg å oppnå naturleg for dei fleste kvinner og menn. For det andre er det lettare å kommunisere desse ideala gjennom bloggar og nyare sosiale medium, seier Sand.

Sand vektlegg at det å kjenne seg annleis, i samband med usikkert sjølvbilete, samt fokus på å følgje dei rådande ideala, kan auke risikoen for spiseforstyrring.

— Mange skildrar at dei samanliknar seg med andre og vurderer seg sjølv kritisk. Forsking syner at personar som har eit breiare sjølvbilete, kor utsjånad berre er ein av fleire eigenskapar, er meir robuste mot kroppspress, seier forskaren.

— Ganske alvorleg før innlegging

I 2015 blei 12 personar (over 16 år) innlagt 33 gongar ved avdeling for spiseforstyrring på Haukeland Universitetssjukehus. Mange andre pasientar får poliklinisk behandling, som vil seie at dei møter opp for å få time.

— Vi tar imot dei sjukaste personane, og har berre fem sengeplassar. Kriteriet for å få plass hjå oss, er at behandling i spesialisthelsetenesta er forsøkt utan hell, seier Cecilie Nordenson ved seksjonen i Helse Bergen.

Ungdomsposten ved klinikken psykisk helsevern for barn og unge, hadde 13 personar (0-18 år) innlagt i 2015. Dei har sju akutte sengeplassar, fire til observasjon, og seks barnepostar, som no skal utvidast.

— Det skal vere ganske alvorleg før ein blir innlagt, der det er fare for liv og helse. Det er ein fagleg standard på vekt og symptom som spelar inn i vurderinga, seier klinikkdirektør Liv Kleve.

Utvikla bulimi

Etter behandlinga på Haukeland i 2002, heldt Håheim fram med tvangstankane. Frykta for mat og kaloriar var framleis intens.

— Det var mange ting eg hadde lyst til å ete, men det sto ikkje på lista mi. Eg enda med å sprekkje, antakeleg berre av eit ekstra knekkebrød, men det gjorde at eg fekk panikk, seier Håheim.

Dermed byrja ho å kaste opp maten, som utvikla seg til bulimi. Håheim trur det var TV og vekeblad som gjorde at ho først blei medvit på sin eigen storleik. Det gjorde det lett å samanlikne seg med andre.

— Når ein ser kjendisane sine kroppar, er alle så like. Eg såg jo ikkje ut som dei, seier Håheim.

Les også:

Les også

Med mat som dop

DAGBOK: Skuledagboka frå 2002 viser ei jente som var svært opphengt i, og misnøgd med, eigen kropp. Foto: Privat

Håheim meiner det er endå verre kroppspress i dag. Ho etterlyser eit større mangfald av kroppar i reklame og underhaldning.— Eit av dei vanlegaste skjellsorda folk bruker, er feit. Vi lever i ein meir intens mediekvardag. Kroppen blir framstilt som eit oppussingsprosjekt, og trening handlar om utsjånad i staden for helse og glede, meiner ho.

No ønskjer ho seg ein debatt om korleis vi snakkar om kropp, og om korleis reklamagigantane påverkar unge sitt sjølvbilete.

— Treningssentera, til dømes, marknadsfører seg med timar som «Bootylicious», og plakatar om å løfte rumpa opp to etasjar. Som om fysisk aktivitet først og fremst handlar om å redesigne spesifikke kroppsdelar.

Les også:

Les også

Blir man ikke frisk i offentlige institusjoner?

DAGBOK: Då Håheim mista kontrollen over spisevegringa, byrja ho å spy. Frykta for mat og kaloriar var framleis intens. Foto: Privat

Framleis prega

— Er du frisk i dag?

— Frisk er eit vanskeleg ord. Eg ville jo aldri døy. Men eg har hatt både anoreksi og bulimi til eg var 25 år, og med tida klart å leve med det.

Men mest av alt kjenner Håheim på ei enorm takksemd over å ha ein kropp som fungerer.

— Det at det er mogeleg for meg å ete fredagstaco, det kjennest utruleg herleg.

Rådet til andre er å oppsøkje meistring på andre ting.

— Hugs at du ikkje er åleine, og det er mogeleg å bli frisk, seier ho.

Publisert: