– Eg er ein slags bergensar, men eg er jo ikkje norsk

17 prosent av alle som bur i Bergen, har innvandrarbakgrunn. Leo Ajkic var elleve år då han kom til Bergen som flyktning. TV-profilen er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen.

  • Start lyden ved å trykka på play øvst i artikkelen

Ein sommarkveld i 1994 landa Leo Ajkic på Flesland første gong. I starten budde familien på fire på ein liten studenthybel på Fantoft med dårleg råd. Elleveåringen samla flasker, og han selde gatemat med foreldra utanfor utestadene i Bergen om nettene.

– Eg hadde to draumar. Å bli proff basketspelar i USA, eller drive ein kebab i Bergen. Den siste draumen var den realistiske, fortel Leo Ajkic i denne podkast-episoden.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.