Vil stramme inn regelverket for utslepp frå cruiseskipstrafikken

Regjeringa vil nekte forureinande cruiseskip innsigling til norske verdsarvfjordar.

Publisert Publisert

MILJØVERSTINGANE: Nytt regelverk kan hindre halvparten av dagens cruiseskip innsigling til norske fjordar som Geirangerfjorden. Foto: BT ARKIV/HELGE SKODVIN

– Verdsarvfjordane er ein kjemperessurs for Norge som vi må ta vare på. Derfor må vi sørgje for at det ikkje heng røykskyer der på vindstille dagar og at fjordane blir reinare, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen til NRK.

Regjeringa vil no stengje cruiseskipa ute frå verdsarvfjordane ved å stramme inn regelverket for utslepp frå cruisetrafikken. På denne måten kan halvparten av skipa bli nekta innsigling til norske verdsarvfjordar frå 2019.

Klima- og miljøministeren har ifølgje NRK bedt Sjøfartsdirektoratet om å utarbeide eit regelverk for skipstrafikken i verdsarvfjordane for å få ned utsleppa av nitrogenoksid og svovel og forby kloakktømming frå cruiseskipa.

Les også

Massiv auke i kinesiske turistar

– Skipa må bli miljøvenlege

– Halvparten av dagens cruiseskip tilfredsstiller ikkje moderne miljøkrav. Det betyr at nokre reiarlag må bytte ut skipa sine, dersom dei skal sleppe inn i norske fjordar, seier Helgesen til NRK.

NO CRUISE SHIPS: Bonde Anders Fretheim demonstrerte slik i 2014 mot cruisebåtane i Flåm i Aurland. Foto: Anders Fretheim

Kartlegginga til departementet viser nemleg at halvparten av cruiseskipa som seglar i norske fjordar er produsert før år 2000. Direktoratet skal i løpet av 2018 få på plass det nye regelverket.

– Ikkje ein trugsel for turistnæringa

Fjordane som blir råka er dei populære turistfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Synnulvsfjorden og inste del av Tafjorden.

– Den største trugselen for turistnæringa er at verdsarvfjordane blir øydelagt av røyk og at trafikken er så tett at attraksjonsverdien forsvinn, seier Helgesen, som ikkje trur at dette vil skade turistnæringa.

Fryktar færre skip

Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad (H), seier til Bergens Tidende at han fryktar at dersom dei nye reglane trer i kraft, vil tal av cruiseskip til Flåm gå ned.

– Sjølvsagt er miljøfokuset det aller viktigaste. Men dersom det blir eit slik regelverk, må det gjelde for alle fjordar og ikkje berre for verdsarvfjordane, seier Distad.

Les også

Nærmare 9000 personar har teke turen med gondolbana i Loen

Ordføraren er redd for at dette kan føre til ei konkurransevriding og redusert turisme i Aurland.

– Cruiseturismen i Flåm er ein stor del av næringsutviklinga og inntektene for kommunen vår, men og for nabokommunane. Dersom reglane berre skal gjelde Aurlandsfjorden, og dei fire andre fjordane, vil reisebyråa kunne velje andre fjordar framfor oss, seier Distad.

Les også

Ordføreren i Aurland ønsker basehoppforbud

– Ei kjempenyheit

I 2014 gjekk boden Anders Fretheim frå Flåm i bresjen for eit lokalt opprop mot cruiseskipa i Aurlandsfjorden med høyballar med teksten: «No cruise ships». Han er strålande fornøgd med regjeringa sitt forslag.

– Dette er verkeleg ei gladnyheit og verkeleg på tide! seier bonden til BT.

Fretheim fryktar ikkje for turismen i den vesle bygda.

– Tvert i mot! Turistane har vore her i 150 år og kjem for å sjå den vakre naturen. Då må vi og ta vare på den. Dersom cruiseskipsnæringa ønskjer å fortsette innsigling i norske fjordar, får dei kome med nokre skikkelege skip, seier han.

Publisert