For at dei unge skal trivast

Utanfor den gamle Borgstova i Davik har nokon reist ein bauta, men folk er enno ikkje blitt samde om kva som skal stå på han. Derimot synest det vera full semje i bygda om å ta vare på ungdommen og gje dei gode tilbod.