Brannen blussa opp igjen åtte timar etter sløkking

Brannvesenet har nattevakter på brannstaden i heile natt.

NATTEVAKT: Brannkonstablane Tore Næss og Frank Tryti held vakt ved brannstaden torsdag kveld, etter at brannen i Kong Oscars gate blussa opp igjen. Ørjan Deiz

Her jobbar brannvesenet med å slukke brannen torsdag morgon. Odd Nerbø

Like før klokka 17 rykka brannvesenet på nytt ut til Bergen sentrum etter melding om røyk og flammar i Kong Oscars gate.— Kraftig vind førte til at glør i bjelkar inne på brannstaden blussa opp at og tok fyr, seier Ole Jakob Hartvigsenved 110-sentralen.

Klokka 4.30 natt til torsdag gjekk alarmen då ein storbrann braut ut i tre av husa i brannsmitteområdet i Kong Oscars gate og Nedre Hamburgersmauet.

Etter fleire timar med intenst arbeid kunne brannvesenet melde at brannen var sløkt klokka 8.50.

Åtte timar seinare blussa brannen opp igjen.

Held vakt i natt

Hartvigsen ved 110-sentralen fortel at brannvesenet raskt kom til staden etter at det det tok fyr i området på nytt.

— Me fekk dynka brannstaden med vatn, og har vore der sidan og søkt etter varme og røyk på staden, seier Hartvigsen.

Les også:

Les også

Halvparten av brannene starter i komfyrer

Etter at det blussa opp igjen bestemte brannvesenet å ha vakthald på brannstaden gjennom natta.

— Det er mykje vind, og relativt store områder som har brent, difor vil me vere på den sikre sida.

Veit ikkje brannårsaka

SeksjonsleiarKnut Ellertsenved tjuveri- og brannavsnittet på Bergen sentrum politistasjon fortel at politiet har avhøyrt ei rekke personar torsdag.

— Fredag morgon vil vi få ein status etter avhøyra, seier Ellertsen.

Så langt har ikkje politiet nokon teori om kvifor det byrja å brenne.

Les også:

— Me håpar å få krimteknikarar på plass fredag morgon. Dersom publikum har sett eller høyrt noko mistenksamt ber vi dei melde frå til politiet.