Monrad Matre Transportforretning

Monrad Martre Transportforretning vart skipa i 1927 av Monrad Matre (19??-1973).

  • Erik Småland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

Verksemda omfatta all slags transport med konsesjon for varetransport på strekninga Salhus-Mjølkeråen-Bergen. Denne strekninga vart køyrd dagleg. Firmaet hadde all varetransporten for Salhus Væverier og Salhus Tricotagefabrik.

Firmaet hadde på det meste 7 bilar samstundes. Matre hadde først konsesjon for godskøyring Salhus-Bergen. Seinare spurde Åsane Billag om dei kunne ta over deira godskonsesjon for Åsane, då ÅB ikkje tente på dette. Matre køyrde då Bergen — - Tertnes – Morvik-Mjølkeråen og Bergen – Vågsbotn – Hylkje - Mjølkeråen. I tillegg til dei faste godsrutene hadde firmaet transportkøyring på oppdrag og sjukekøyring.

Firmaet slutta med godsruter ca 1975, men fortsette med å køyre for Flatøy Industrier (Frank Mohn). Dette hadde firmaet starta med før dei selde godsrutene til Arthur Matre. Monrad Matre Transportforretning vart nedlagd kring 1985.

Publisert
  1. Historie
BT anbefaler

Idrettsforsker: – Viktig at trenere og foreldre er klar over den store betydningen dette har

Niklas Jensen Wassberg (17) er blitt målt og forsket på fra før han fylte 14 år.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Robert Taylor kan få spiller­gruppen mot seg. Det murrer allerede.

  2. Nye reglar: Halv­parten av bergens­arane slepp å stå i kø

  3. Brann i forretnings­bygning i Åsane: – Åpne flammer

  4. Hardangervidda stengt for personbiler

  5. 573 nye smitta i Bergen

  6. Slik så det ut sist det flommet over. Nå er det full krangel om fossen i Fana.