37-åring forsvann sporlaust under tur i Sogndal, no kjem det krass kritikk

Fylkesmannen kjem med kritikk etter at ein psykisk utviklingshemma mann (37) kom bort frå følgjet sitt i Sogndal i mai. Han er framleis ikkje funnen.

Publisert Publisert

LEITEAKSJON: 37-åringen var med i ei gruppe frå ein institusjon som driv med bu- og omsorgstiltak for brukarar med spesielle hjelpebehov då han forsvann. Foto: CHRISTIAN BLOM (ARKIV)

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Måndag 9. mai i år forsvann 37-åringen i Sogndal. Han blei borte frå følgjet sitt etter ein tur på Haukåsen.

37-åringen var med i ei gruppe frå ein institusjon som driv bu- og omsorgstiltak for brukarar med spesielle hjelpebehov, har politiet tidlegare opplyst.

På det meste var rundt 100 frivillige med på søket.

Fylkesmannen opna tilsynssak i mai 2016 mot Årdal kommune og Melås Helse AS, som begge hadde ansvar for å gi helse- og omsorgstenester til mannen.

Les også

Politiet: To ansatte var med 37-åringen som forsvant på tur

VEKKE: Christer (37) forsvann sporlaust under turen i mai i år. Han er ikkje funnen. BT har fått bruke fornavn og bilete i samråd med famililen. Foto: Privat

Overordna ansvar

«Vi ville vurdere om tenestene mannen fekk var forsvarlege etter helse- og omsorgstenestelova», heiter det i ei pressemelding frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

To tilsette i Melås Helse skulle passe på 37-åringen, som forsvann i mai i år og aldri blei funnen.

Assisterande fylkeslege Linda Svori seier til BT at saka er alvorleg. Melås Helse skal no få saka vidare vurdert av Statens helsetilsyn.

– Vi meiner det er eit alvor i saka som gjer at helsetilsynet må vurdere ho, seier Svori.

Det er Årdal kommune som er heimkommunen til mannen. Heimkommunen har det overordna ansvaret for å sikre at personar får forsvarlege helse- og omsorgstenester når dei kjøper tenester frå ein privat aktør.

Fylkesmannen har konkludert med at Årdal kommune ikkje sikra gjennom rutinar og internkontroll at vedkomande fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester frå Melås Helse AS.

– Dette er eit viktig signal også til andre kommunar som nyttar tilbod frå ein annan aktør, seier Svori.

Statens helsetilsyn

Fylkesmannen har bede kommunen om ei tilbakemelding innan 1. februar for korleis dei vil sikre at brukarar dei har ansvaret for, får forsvarleg hjelp og oppfølging når dei leiger ein privat aktør til å levere tenestene.

«Melås Helse har ansvar å levere tenester i tråd med lovverket når dei har avtale med ein kommune om å yte tenester til ein person som treng ekstra oppfølging og hjelp. Etter gjennomgang av all dokumentasjon i saka, finn Fylkesmannen indikasjon på svikt av ein slik karakter at vi sender saka vidare til Statens helsetilsyn for vurdering», skriv fylkesmannen i pressemeldinga.

Ingen planar om nye søk

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, stadfestar måndag at 37-åringen enno ikkje er funnen.

– Dessverre, nei. Søket er avslutta frå vår side, og vi har ingen planar om å gjere nye søk, seier Johannessen.

Politiet har til no ikkje funne noko som tyder på at noko straffbart skjedde i samband med forsvinninga i mai.

Uvanleg karakter

Fylkeslege Per Stensland i Sogn og Fjordane seier det ikkje er vanleg at slike saker blir sende over til Statens helsetilsyn.

– Svikten i denne saka er av ein slik alvorleg karakter at vi ønskjer at helsetilsynet skal vurdere forholdet. Normalt vil vi sjølv gjere dei endelege vurderingane, seier Stensland.

Publisert