Nokon gir seg ut for å vere politiet: – Ikkje ta telefonar frå 112
Politiet har fått fleire meldingar om at folk har fått oppringingar frå naudnummeret 112.
ÅTVARAR: Politiet ber folk ikkje ta telefonen dersom dei blir ringt opp frå nummer 112. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Vest politidistrikt har i dag fått fleire meldingar frå folk som fortel at dei har blitt ringt opp frå politiet sitt naudnummer 112.
Nokre høyrer ingenting i andre enden, medan andre har meldt om stemmer i bakgrunnen.
– Vi ringjer aldri ut til folk frå telefonnummer 112. Dei gir seg ut for å vere noko anna enn dei er. Vi anbefaler folk å ikkje ta telefonen, seier operasjonsleiar i politiet, Stein Rune Halleraker.
Dersom du likevel skulle ta telefonen, åtvarar politiet mot å gi ut personlege opplysningar. Dei ber også folk ta kontakt dersom dei har opplysningar om kven det er.
– Politiet si IT-avdeling og Telenor samarbeider no om å undersøkje saka, men det er førebels ikkje oppretta nokon straffesak, seier Halleraker.
Førebels veit politiet ikkje kven som står bak telefonane.
– Dersom nokon meiner dei er utsett for noko straffbart frå desse, og trengjer hjelp, så ta kontakt, seier Halleraker.
Les også
A-krim aksjonerte mot 14 spisestader. På det første staden enda politiet opp med å arrestere ein tilsett.
Eldresvindelen i Bergen held fram. Politiet trur den kan vere styrt frå utlandet.
Brødrene fekk sykepenger da politiet kom over dei i ein kontroll ved Ikea
Overfallssaka: Politiet meiner mistanken er styrkt