Meteorologen: – Finn fram shortsen, men ha regnjakka på lur

Inn mot helga får vi det meste av sommarvêr i ulike kombinasjonar: kaldt, vått, grått, sol, varme – og kanskje litt lyn og torevêr.

Dette har vi sett mykje av i det siste. No får vi forhåpentleg nokre solgløtt, men paraplyen må framleis vere med.
  • Rose Øvretveit
Publisert Publisert

– Vi får mange passerande byer med regn i helga, og akkurat no er det litt vanskeleg å fastslå kva tidspunkt dei kjem på. Er vi heldige, kjem regnet om natta og sola om dagen, seier Mariann Åbrekk.

Ho er meteorolog i Storm, og seier den komande veka vil innehalde mykje ulikt vêr.

23 grader og regn

– Onsdag og torsdag vil det bli fint med gløtt av sol på formiddagen, før vi får litt ettermiddagsregn og passerande byer. Så vil temperaturen byrje å stige inn mot helga.

Og varmt skal det bli. Torsdag skal temperaturen ligge på rundt 15 grader, før den byrjar å stige torsdag. I helga spår meteorologane temperaturar opp mot 24 grader både fredag, laurdag og søndag. Men det blir ikkje akkurat badevêr likevel.

– Vi skulle jo gjerne sagt at det blir sol og fint vêr heile helga, men det er meldt ein del byer som vi ikkje er heilt sikre på når kjem.

Vått og varmt på jonsokaftan

For dei som skal feire jonsokaftan torsdag kan ein vere litt optimist, men òg førebudd.

– På dagtid får vi ein del solgløtt, og så kjem det nokre byer kveld og ettermiddag, men temperaturen kan bli opp mot 20 grader. Med andre ord: Ta på shortsen, og ha regnjakka med i tilfelle. Men fullt oljehyre skal ein sleppe.

Den som har store planar for helga, burde vente til torsdag med å sjekke vêrvarselet.

– Då vil vi kunne seie meir sikkert kva tidspunkt byene kjem i helga, seier Åbrekk.

Gråvêret lettar ikkje med det første, men dei høge temperaturane i helga kan gjere det klamt i Bergen by.

– Håper nokre byer unngår Bergen

Statsmeteorolog Magnus Haukeland seier Bergen kanskje blir spart for noko av regnet.

– Vi ser ofte det at Bergen ligg slik til at ein del av byene passerer utan å treffe her, så det er lov å håpe.

For dei som har tenkt seg på hytta i helga, er det meldt ganske likt både på Kvamskogen og Voss.

– Einaste skilnaden er at det kan bli litt varmare i innlandet enn her ute ved kysten. Så kanskje opp mot 25 grader, seier Haukeland.

Varm vind opp frå kontinentet

Lengre ut mot kysten kan det bli litt vind, men der òg skal det bli ganske likt som i byen.

– Torsdag kan det blåse opp til stiv kuling, noko som er litt uvanleg no på sommaren. Så skal du ut i båt eller vere ved havet, er det lurt å ha dette i tankane.

Haukeland fortel at temperaturen stig fordi vindretninga skifter torsdag og fredag.

– Til no har vi fått vind inn frå sørvest, altså havet. Den lufta er ofte kjøligare. Når vindretninga no snur, får vi vind opp frå kontinentet, som gjerne er varmare.

Grafikken syner korleis temperaturen skal utvikle seg utover helga. Den som skal nyte godvêret må vere fleksibel og rask ut døra når sola gløttar fram, ifølgje meteorologane.

Kan bli torevêr

Grunna dei høge temperaturane, og at det skal vere overskya delar av helga, er det òg ein sjanse for lyn og tore.

– Skal du på fjelltur kan det vere lurt å ha i tankane.

Publisert
  1. Sol
  2. Bergen
  3. Vær
  4. Voss
  5. Kvamskogen
BT anbefaler

«Sørg for å få de jævla voldtekts­mennene dømt», var noe av det siste Synnøve skrev

Hun ble forbannet da politiet henla overgrepsanmeldelsen hennes. To år etter hennes død skal regjeringen utrede loven…

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi har mistet det som gjorde 90-tallet så fantastisk

  2. Lærdalstunnelen er open

  3. Én av tre jenter er i fare­sonen for spise­forstyrrelser: Karolines nyttårs­forsett ble et mareritt

  4. – Alle har tid til å trene, men det krever at du tar et valg

  5. Dolk håver inn. Slik forklarer han suksessen.

  6. – Hver dag stiller Arne opp for datteren vår