Kommunen slår hardt til mot «hotellverksemd» i bustadbygg

Bergen kommune varslar bøter mot firma som driv korttidsutleige av leilegheiter i Damsgårdssundet.

Publisert:

GLADE: Ellen Liljedal Stavseth og Johannes Sverdrup er glade for at Bergen kommune no reagerer mot det dei meiner er rein hotellverksemd i bustadbygget dei bur i. - Men på sikt trengs det også ei lovendring for å få bukt med problemet, meiner Sverdrup. Foto: Bård Bøe

– Om morgonen blir eg møtt av vaskepersonell, og det er nye fjes kvar dag. Det er ikkje noko naboskap, seier Johannes Sverdrup, styremedlem i sameiget Damsgårdsveien 73-75.

Han viser oss døra til husværet sitt, og dørene rundt som er merka «DA 09» og liknande.

DA står for Damsgård Apartments, eit utleigefirma eigd av det Oslo-baserte selskapet Bjørvika Apartments AS. Firmaet har den siste tida satsa hardt på utleige i Bergen, noko som har utløyst misnøye i fleire sameige i Damsgårdssundet.

«HOTELLINFORMASJON»: Slik vert husværa presentert på nettsida hotels.com Foto: Skjermdump hotels.com

– Vi vil berre ha eit nabolag som fungerer, seier Sverdrup.

Dei har i lengre tid prøvd å få slutt på utleigeverksemda. Nå kjem Bergen kommune til unnsetning.

Trugar også med dagmulkter

Sist veke vart det sendt ut varsel om at det kan vanke tvangsmulkter for Bjørvika Apartments om ikkje verksemda blir endra.

– Her står vi saman med bebuarane om å skape eit trygt bumiljø. Det vi har sett her, er rein næringsverksemd. Det er ikkje desse husa regulert for, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

I alt ni husvære, fordelt på fem ulike bygg i Damsgårdssundet, er omfatta av varselet frå kommunen. «Korttidsutleie må opphøre og senest innen 15.10.18», heiter det i brevet. Dersom så ikkje skjer, risikerer utleigeselskapet ei mulkt på kr 50.000,- for kvart husvære.

Kommunen trugar også med ei løpande mulkt på kr 5000,- pr. dag «dersom ikke den ulovlige bruken opphører».

Kommunen bad alt i vinter om dokumentasjon på utleigeaktiviteten. Med utgangspunkt i det dei har fått frå selskapet har plan- og bygningsetaten studert bruken av totalt 36 husvære i området.

Frå mars 2017 til februar 2018 varte 110 av totalt 156 leigeforhold berre i to veker eller mindre, viser gjennomgangen.

Brannalarm midt på natta

– Vi møter stadig vaskepersonell i gangane her. Folk med trillekoffertar som vi aldri har sett før kjem og går, det er tidvis problem med støy, og rett som det er går brannalarmen midt på natta, seier Ellen Liljedal Stavseth.

Ho sit også i styret for Damsgårdsveien 73-75 og har engasjert seg i kampen mot utleigeaktiviteten.

HOTELLKORRIDOR: Johannes Sverdrup seier at det kjennast som om han bur i ein hotellkorridor. Foto: Bård Bøe

Manglande tryggleik er eit av argumenta kommunen bruker mot utleigeverksemda. Det er strengare krav til rømningsvegar i eit hotell enn i eit bustadbygg.

Stavseth har budd der i halvtanna år, sidan bygget var nytt, saman med sambuaren og dottera på to år.

– Så vidt vi veit er vi den einaste barnefamilien som er igjen her, i to sameiger med 120 husvære. Dei få som har vore her har forsvunne. Forholda er ikkje ideelle for barnefamiliar, seier Stavseth.

– Ikkje eit nytt Barcelona

NRK har det siste året publisert fleire saker om misnøya blant dei som bur i Damsgårdssundet.

– Dette er ei veldig viktig sak for oss i byrådet. Vi vil at det skal bu folk i sentrum. Kampen for at Bergen ikkje skal ende opp som ein kullisse står blant anna her. Vi vil ikkje bli eit nytt Barcelona eller Venezia, der innbyggjarane blir pressa ut av turistane, seier byråd Tryti.

GODT MERKA: Dørene til husværa som er eigde eller leigde av Damsgård Apartments, er merka med romnummer. Foto: Bård Bøe

Ho er også glad for at regjeringa og statsråd Monica Mæland har foreslått å setje eit tak på 90 dagar i året med kortidsutleige.

Utleigehusværa som ho nå vil ha bort blir marknadsført på fleire nettsider, både sider som selskapet driv sjølve og f.eks. på Hotels.com. Kortaste tillatne leigetid er to døgn.

63 millionar i fjor

Verksemda er kontrollert av Oslo-mannen Ole Henrik Engen (48). Han eig Apartments Invest AS, som igjen eig Bjørvika Apartments og fleire andre selskap som er involverte i utleigeverksemd både i Oslo og Bergen.

Bjørvika Apartments AS omsette i fjor for 63 millionar kroner.

Engen ønskte ikkje å la seg intervjue på telefonen av Bergens Tidende måndag.

I ein e-post skriv han at dei er sterkt usamde i vedtaket, og at dei vurderer å anke til fylkesmannen. Ifølgje Engen er det ingen definisjonar i plan- og bygningslova som seier kor lange leigeforholda må vere for å ikkje bli definerte som næringsverksemd.

Han reagerer også på at kommunen har tatt utgangspunkt i ein periode i august, i turisthøgsesongen, for å blinke ut dei ni husværa som nå risikerer bøter. Engen skriv at forretningsmodellen deira er «mellomlange leieforhold til bedriftsmarkedet og private». I tillegg leiger dei ut for nokre dagar av gongen i ferieperioder, når pågangen frå bedrifter er dårlegare, ifølgje Engen.

– Aldri fått klager på bråk

Han meiner saka har kome skeivt ut på grunn av NRKs dekning av konflikten i fjor haust, og at byråd Tryti nå grip inn «etter påtrykk fra media».

Når det gjeld problem med bråk, brannalarmar nattestid og stor trafikk av vaskepersonell og turistar, skriv Engen at dette er «oppkonstuerte sannheter». Han seier dei aldri har mottatt klager på bråk for nokon av husværa dei disponerer i Damsgårdssundet.

ROT: Turistane skjønar ikkje bossystemet, og etterlet seg halvspiste pizzaer og anna i gangane. Stavseth har dokumentert fleire av tilfella. Foto: Bård Bøe

I eitt av bygga har 6 av totalt 13 brannalarmar vore utløyst av selskapets leigetakarar, ifølgje Engen, og han meiner det er grunn til å mistenkje feil i alarmsystemet.

Han vil heller ikkje ta på seg skulda for at det er så få barnefamiliar i strøket. BA henta i juni inn tal som viste at det berre bur 34 skulebarn i totalt 1282 husvære i strøket, mot eit forventa tal på over 600. Engen påpeikar at selskapet berre har operert i eitt år.

– Svært mange barnefamiliar må i så fall ha flytta derifrå i den perioden, skriv Engen.

Publisert: