Kritisk skadd etter kollisjon med tre

Ein 19 år gammal mann er frakta til Haukeland med luftambulanse etter ei bilulykke på Halsnøy søndag morgon.

KRAFTIG SMELL: Ulykkesbilen fekk store skader i kollisjonen. Mona Grønningen/Kvinnheringen

Det var ein nabo som varsla AMK-sentralen, etter å ha høyrt det kraftige smellet då bilen trefte eit tre like ved vegen.

Politiet fekk melding om ulykka kl. 05.31. Ho skjedde i Sæbøvikvegen på Halsnøy, eit par hundre meter aust for Eid kyrkje. Føraren var ein 19-åring med adresse i Kvinnherad.

Politiet: – Kritisk skadd

Sjåføren sat fastklemt etter ulykka, og brannvesenet måtte hjelpe han laus. Brannmannskap frå stasjonane på Husnes og Halsnøy var først på ulykkesstaden. Mannen var aleine i bilen. Han vart frakta til Haukeland med luftambulanse, og politiet karakteriserer tilstanden hans som kritisk.

Klokka 10.25 melder også Haukeland universitetssjukehus at føraren av bilen er kritisk skadd.

BIL MOT TRE: 19-åringen kolliderte med eit tre i vegkanten, like ved Eid kyrkje på Halsnøy. Mona Grønningen /Kvinnheringen

Legg om ferjeruta

Ferjesambandet mellom Skjersholmane og Ranavik i Kvinnherad er søndag morgon lagt om, etter trafikkulykka ved Eid kyrkje. Fylkesveg 544 forbi ulykkesstaden er stengt, og ferja går difor no til Sunde i staden for Ranavik. Ferja vil gå som normalt frå Ranavik klokka 13.15.

Fv 544 Sæbøvegen på Halsnøy i Kvinnherad er no open, melder Vegtrafikksentralen.

Ulykkesgruppa frå Statens vegvesen var søndag formiddag på plass på staden. Det var manuell dirigering forbi ulykkesstaden for vanlege bilar.

Ulykkesbilen fekk store skader.

UNDERSØKJER: Statens vegvesen si ulykkesgruppe var søndag formiddag på plass for å granske kva som har skjedd. Mona Grønningen/Kvinnheringen