Djabrail-saka er ferdig etterforska

Rundt 70 personar er avhøyrt etter at ein seks år gammal gut døydde som følgje av feilmedisinering ved Haukeland sjukehus.

Publisert Publisert

DJABRAIL: Bildet av seks år gamle Djabrail Sulejmanov blei tatt nokre timar før feilbehandling på Haukeland sjukehus, ifølgje gutens foreldre. Foto: Privat

14. september i fjor døydde Djabrail Sulejmanov (6), tre veker etter den fatale feilen ved Haukeland sjukehus.

Seksåringen var innlagt på barne- og ungdomsklinikken ved sjukehuset der han blei behandla for hjernesvulst.

Den 22. august skjedde feilen som aldri burde ha skjedd. Ein lege sette ei sprøyte med cellegift i Djabrails hjerne, i staden for å gi den intravenøst.

Politiet sette i gang etterforsking etter gutens dødsfall. No, snart eitt år seinare, er etterforskinga ferdig. Både Helse Bergen og tilsette ved sjukehuset risikerer straff.

– Tidkrevjande etterforsking

Politiet har tidlegare opplyst at saka var venta å vere ferdig etterforska før påske.

– Årsaka til at dette har tatt så lang tid er at det er eit svært omfattande etterforskingsarbeid som er gjort. Politiet har henta inn mange vitne og gjort ein grundig sjekk av rutinar ved Haukeland, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Ifølgje Høyland er kring 70 personar avhøyrt i saka, dei fleste tilsette ved Haukeland sjukehus. I tillegg er pårørande og andre vitne avhøyrt.

– Jobben har vore tidkrevjande for etterforskarane. Det er snakk om avhøyr om medisinske forhold. Det er krevjande avhøyr å ta.

ERSTATNINGSKRAV: Djabrails foreldre, Fatima Jusjukajeva (27) og Lom-Ali Sulejmanov (34), har tidlegare uttalt at dei vurderer å krevje erstatning frå Haukeland sjukehus og Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Foto: Privat

Omfattande arbeid

Høyland seier etterforskinga har vore særs omfattande.

– Vi har gjort ein rekonstruksjon av hendinga. Den blei gjort med hjelp og tilrettelegging av Haukeland sjukehus.

I tillegg har politiet gjort kriminaltekniske undersøkingar og snakka med andre sjukehus.

– Vi har også hatt medisinsk sakkunnige som har vurdert saka.

Saka blir no sendt til påtale for avgjerd.

– Det som skal avgjerast no er om det er snakk om å ta ut ein tiltale eller å henlegge saka.

BEKLAGAR: Sjukehusdirektør Eivind Hansen har tidlegare sagt at Haukeland beklagar hendinga på det sterkaste. Her saman med Britt Skadberg, direktør for barne og ungdomsklinikken. Foto: Tor Høvik

Granska av Helsetilsynet

Helsetilsynet har tidlegare granska saka. I sin rapport konkluderte dei med at den seks år gamle guten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp då han blei gitt cellegift ved Haukeland sjukehus.

Sjukehusdirektør Eivind Hansen har tidlegare uttalt til BT at saka har vore særs krevjande for involvert helsepersonell.

– Vi beklagar at feilen frå Haukeland medførte at denne unge guten døydde i dag. Tankane våre går til dei pårørande. Dei har hatt ei stor belastning gjennom desse vekene vi har bak oss, sa Hansen til BT etter dødsfallet.

Publisert