Fem forunderlege fakta om Florø

Dei feirar nyttår med karneval og skarrar stolt. Men ein gong i tida forsøkte Bergen å nekte Florø å bli by.

NYTTÅRSKJIPP: Opptoget gjennom Florø sentrum endar med at alle spitefulle plakatar og doningar går på bålet.
  • Øyvind Lefdal Eidsvik
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel

Lesarane har bestemt. Trykk her for å komme til direktesendingen.

Florø

Les også

vann duellen mellom

dei to største stadane i Sogn og Fjordane. Mens Førde fekk rett over 3000 stemmer, hadde Florø 5000.

Det betyr at Bergens Tidendes patruljerande team sender direkte frå Florø torsdag klokka 13. Sendinga skjer på BTs Facebook-side.

  • Har du tips om kva vi bør sjå og gjere i Florø? Kontakt BTs journalist!
    I mellomtida kan du lade opp med fem forunderlege fakta om Florø.

1. Det er Norges vestlegaste by

FLORØ: Kystbyen i Sogn og Fjordane har kvar sommar stort besøk i gjestehamna langs trehusa i sjøfronten.

Liggande på femte austlege lengdegrad (eller meir nøyaktig 5,01) kjem du deg ikkje stort lengre vest enn Florø. I alle fall ikkje blant norske byar.Plasseringa så nær havet har sine fordelar. Her er forsyningsbase for oljeindustrien, det er verftsindustri, mottak av fisk, og det er ein av seks basar for redningshelikopter i fastlands-Norge.

2. Bergen forsøkte å nekte Florø å bli by

SILDEFISKET ANNO 1800-TALET: Eit godt fiske rundt 1850-åra utfor Sunnfjord (her ved Kinn), førte til stor auke i folketalet, i alle fall i fiskesesongen om våren.

I dag kan det kanskje framstå ... noko egoistisk, men ein gong i tida var Bergen bekymra for sin posisjon om Florø fekk lov til å bli by (eller ladestad, som det blei kalla i 1860).Utgangspunktet for heile byen handlar om punkt 1: Havet. Havet gav sild i store mengder i åra før 1860, og behovet for ein stad med tenestetilbod, verkstad og etter kvart sjukestove melde seg. Florelandet låg passeleg til, meinte Hans Jensson Blom, som var både sokneprest og ordførar i Kinn.

Les også:

Les også

Visste du at «Uren luren» ligger på Tysnes?

Dei som ikkje var begeistra, var kjøpmennene frå Bergen. Dei kontrollerte mesteparten av fiskehandelen på Vestlandet, og hadde ingen interesse av å få posisjonen truga. Stortingsmennene frå Bergen forsøkte derfor å få regjeringa bort frå dei ville planane om ein by i havgapet.

Motstanden fungerte dårleg. I 1860 vedtok Stortinget å gje Florø status som ladestad. Paradoksalt nok gjekk sildefisket sidan raskt tilbake.

3. Verdas kanskje lengste sildebord

SILDEBORDET: Florø blei laga på sild, bokstaveleg talt. Kvar sommar blir fisken feira med massemønstring i Strandgata.

Av sild oppstod Florø. Med sild feirar florøværingane byen kvar sommar.Kvart nes og kvar by med respekt for seg sjølv vil gjerne ha ein rekord, og Florø er ikkje unntaket. Sidan 1992 har tusenvis av menneske samla seg kvar sommar til det florøværingane kallar verdas lengste sildebord.

Om det faktisk er verdas lengste, er meir usikkert. Haugesund meiner også å ha krav på tittelen.

Men uansett.

I år fekk rundt 6000 folk servert sild gratis langs dei 350 meterane med langbord, ifølgje komiteen bak arrangementet. I toppåret 1998 var 12.000 innom. Langborda går gjennom paradegata Strandgata.

4. Dialekten

Midt i Sogn og Fjordane, fylket Ivar Aasen nesten kom frå om han ikkje hadde vore frå Sunnmøre, finn vi Florø.

Inneklemt mellom andre sterke dialektar har florøværingen utvikla eit eige bymål. Dialekten er klart ulik omlandet rundt, og kan minne om eit mini-Bergen. Av fleire særtrekk er det klaraste skarre-R'en, i eit område som elles har norgesrekord i rulling av R-lyden.

Les også:

Les også

Seks ting som gjør Voss spesiell

Årsaka går truleg tilbake til starten på Florø, då både sunnfjordingar, nordfjordingar, sogningar og bergensarar flytta inn.

For å sitere ei hovudfagsoppgåve frå 2003:

«Bergensk var oppfatta som 'finare' enn sunnfjordmålet ... Bygdefolket blanda seg med byfolk på den måten at dei sende døtrene sine i teneste som stovejenter og liknande».

Oppgåva viste at identiteten knytt til dialekten var sterk. Det var ingen teikn til at skarringa skulle forsvinne.

5. Kjippen

For florøværingen det mest naturlege av verda. For utanforståande slikt du forventar berre i dei mest eksotiske av land.

Der andre kanskje tar med sjampisflaska ut på nyttårsaftan for å sjå på fyrverkeriet, er det fullt karneval gjennom Florø sentrum.

Ved midnatt er det avgang for Kjippen, der utkledde menneskje går med plakatar og fleire meter store modellar.

Sist gong var salet av det Florø-baserte reiarlaget Fjord 1 ei av hovudsakene. Ei fleire meter lang ferje, påmåla «Fylkesvonbraatane» og med spit og harselas mot politikarane bak salet, var blant doningane (som er den korrekte nemninga).

Etter Kjippen er det bål, fyrt opp av doningar og plakatar.

  • Følg BT: Sjekk ut BT på Facebook
    Kjelder: Allkunne.no, NRK Sogn og Fjordane, Firdaposten, Sildebordet, Digitaltmuseum.no, Anne Marit Bødal (2003): Bymål i Sunnfjord.
Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Oddvar har tre haller med gamle skatter

  2. Visste du at «Uren luren» ligger på Tysnes?

  3. Anders (16) tar seg av flere tusen kalkuner

BT anbefaler

«Et knippe gamle helter viste frem det beste og det verste fra 90-tallet på Plenen»

Boomfunk MC’s, Wyclef Jean, Aqua, Vengaboys og E-Type viste frem det beste og det verste fra 90-tallet på Plenen.

LES SAKEN