– Du er leiar i organisasjonen Memoar. Kva er det?

Memoar er ein frivillig organisasjon med formål å fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv. Organisasjonen vart stifta i juli i fjor. Vi intervjuar folk og filmar dei samstundes. Det gjev eit breitt og rikt kjeldemateriale. Både om fortida og notida, og til glede for framtida.

– Kva er fordelen med videointervju?

– Vi er alle ein del av historia, men er vane med at andre tolkar historia for oss. Når ein journalist eller historikar fortel så går historia gjennom eit filter.

Folk er fyrstehandskjelder til sine eigne liv og si eiga tid. Då får vi nyansane med, anten dei fortel om kvardagssaker eller viktige historiske hendingar. Munnleg historie er breiare. Alle er forteljarar – ikkje alle er skribentar.

– Korleis starta dette?

– Det starta med opptak av tidsvitne frå den andre verdskrigen. I fjor starta vi fleire intervjuseriar, ein om endringane i industrien etter 1975, ein om sjøfarten etter krigen, ein om motkulturrørslene på 70-talet og ein med livshistorier frå Bergen.

Vi som lever no er dei fyrste som kan dele munnlege livsforteljingar med samtid og ettertid. Utfordringa er å gjere det – og å dele opptaka slik at framtida vil finne det. Målet vårt er å skape eit nasjonalt arkiv for munnlege forteljingar, slik dei har i England.

– Korleis kan folk gjera det sjølv?

– Nesten alle ein mobil med video, den kan du bruka. Om du vil gjera det litt meir profesjonelt kan du nytta studioet på Bergen Bibliotek. Studioet er gratis å bruka, men du må bestilla tid. Det gjer du på memoar.no. Vi lagar og kurs for folk som vil laga slike intervju.

– Er det vanskeleg å få folk til å fortelja?

– Nei, folk snakkar som ein foss om dei får snakka fritt og du lyttar og held kjeft.

– Nokre tips?

– Eit intervju kan vare frå tre kvarter til fleire timar. Når du går gjennom det, ser du fort at det består av ein serie minuttlange delforteljingar. Når du dokumenterer intervjuet legg du inn overskrifter på desse delforteljingane, og så gjer du desse overskriftene søkbare, slik at brukarar lett kan finne fram i dei.

– Korleis vert materialet lagra?

– Vi skal levere materialet til Bergen Byarkiv ein gong i året. I mellomtida lagrar vi i nettskya. Det er forteljarane som bestemmer om materialet skal bli delt med andre derifrå. Mange kan gjere dette sjølve. Og mange har truleg ei mor eller ein bestefar dei kan tenkja seg å intervjua. Det er berre å gå i gang før det vert for seint. Ein tanke kan vera å intervjua folk på ulike stadium i livet. Som tiåring, som 25-åring og så bortetter. For familien vil dette vera gull verdt. Munnlege forteljingar er ikkje berre godt kjeldemateriale, det er og god underhaldning. Og når det første sjokket etter å ha sett seg sjølv på film har gitt seg, likar dei aller fleste det.