Få med deg den dramatiske historia om Bybanen over Bryggen

– Dette er den politiske kamelen som har blitt svelgt flest gongar av bergenske politikarar. Og spytta opp igjen. Og svelgt på nytt.

FRAMTIDA? Slik kan Bybanen over Bryggen sjå ut i framtida. Spørsmålet er berre om det blir nok ein omkamp om trasèen. Forslaget du ser her heiter «Mot Vågen» og vann designkonkurransen om å utforme Vågen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Spørsmålet om Bybanen skal gå over Bryggen, er som ein betent verkebyll det har rent politisk puss ut av i eit tiår.

– Eg trur dette er den politiske kamelen som har blitt svelgt flest gongar av bergenske politikarar, seier politisk kommentator i BT, Hans K. Mjelva.

Rundt om i verda finst det byar med kompliserte metrosystem, men her i Bergen har vi brukt årevis på å bli einige om nokre få hundre meter med Bybane.

Kvifor er denne saka så frykteleg vanskeleg? Høyr kvifor i vekas episode av BT20.

Gjest er politisk kommentator i BT, Hans K. Mjelva.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Publisert: