Det er fredag kveld. Byen badar framleis i sol. Og kokar over av bysyklar.

Stuntet frå Festspillene i Bergen har nemleg vorte ein massiv suksess.

— Det er skikkeleg koseleg! Og eit bra tilbod for oss som ikkje har sykkel, seier Linn Solheim (21).

Då BT traff ho i 21-tida fredag, hadde ho nettopp hanka med seg ein bysykkel frå stativet på Festplassen.

Deretter sette ho og veninnene Sandra Valvik (19) og Cassandra Ulleberg (20) hjula mot Bryggen.

SOSIALT: Sandra Valvik (19, framme) og Linn Solheim (21) testa bysyklar for første gong i går, fredag. Her frå Festplassen i Bergen.
ØRJAN DEISZ

— Sosialt er det òg. I tillegg går det fortare enn kollektivtransporten, seier Solheim.

Frå 180 til 45 minutt

Stuntet stammar altså frå byens pågåande festivitas. Festpillene i Bergen har nemleg sett ut 200 bysyklar som eit tilbod for folk og publikum.

Og dei tre veninnene var heldige denne kvelden.

Tilbodet er vorte så populært, at dei som står bak syklane har sett seg nøydde til å innføra maksimal sykkeltid.

Før braksuksessen kunne du tråkka rundt i tre timar før du måtte levera sykkelen attende. No har du berre 45 minuttar på deg.

— Eg vart overraska sjølv. Det er heilt overveldande. Samstundes er det stor stas å sjå at nesten ingen syklar står ledig, seier Mads Arild Eidem frå Festspillenes hovudsamarbeidspartnar, DNV GL, som tok initiativ til syklane.

Ikkje berre frå A til B

På tolv ulike stader i sentrum kan du hoppa på og av – heilt gratis.

Fredag ettermiddag var det berre to av 200 bysyklar som var ledig for tråkking.

— Alle stasjonane har vore tomme dei siste dagane. Frå tidleg morgon til langt på kveld, seier Eidem, som vonar tilbodet vert permanent.

Ein ting er å nytta sykkelen som transportmiddel frå A til B. DNV ser at mange i staden berre syklar roleg rundt for å oppleva byen.

— Det er ein heilt annan sykkelkultur enn me er vane til, seier Eidem.

FESTSPELSYKKEL:- Dette er ein superlekker bysykkel, med flott design og gir, sa Anders Beyer, direktør for Festspillene i Bergen (til h.), då dei lanserte stuntet i mars. Her flankert av Mads Arild Eidem (til v.) frå hovudpartnar DNV GL, som har finansiert syklane, samt Axel E. Bentsen frå Urban Infrastructure Partner. ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANSEN

Tryti lova å tråkka på

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap)

Då lova ho å jobba på for eit permanent tilbod, og freista å fremja sak i bystyret så snart som råd. Ap har allereie garantert for ordninga i byrådsplattforma.

— Bergen ligg dårleg an for sykling, særskilt opp mot sykkel-VM. Bergen treng ein ny sykkelkultur, både når det gjeld sykkelruter og sykkelparkering, men òg bysyklar. Derfor er det flott at Festspillene som eit flaggskip i byen frontar dette, sa Tryti til BT.

Rasmus Haugen Sandvik, bystyrepolitikar for Ap, meiner tiltaket som Festspillene har sett i gang er viktig i profileringa av Bergen som studentby.

- Treng eit sykkelløft

— Å ha ein sykkel med oppumpa dekk, som du ikkje treng å oppbevara og der kjeda alltid er smurt, gjer alt mykje lettare. Me treng eit særskilt løft på sykkel. Bergen ligg på sisteplass i sykkelbruk mellom storbyane, seier Sandvik.

— Skuldast ikkje det at det regnar så mykje, og at det er så mange oppoverbakkar i denne byen?

— Antakeleg det òg, men det tyder ikkje at me ikkje treng å gjera noko.

VIL HA: Studentane Linn Solheim (21), Sandra Valvik (19) og Cassandra Ulleberg (20) er med på å fylla byen opp av tråkkande føter. - Veldig kjekt tilbod, seier Solheim.
ØRJAN DEISZ

— Kva vil tiltaket kosta?

— Ein konkret pris kan eg ikkje koma med no. Det er noko me jobbar med.

- Positiv forstyrring

Eidem gler seg til å analysera sykkelstatistikken når Festspillene i Bergen er ferdig.

Du må nemleg nytta ein app på mobiltelefonen for å kunne låna sykkelen. Det gjer at tråkkinga di kan verta målt.

FINANSERING: Debatten om bysyklar har tidlegare vore polarisert kring spørsmålet om dei skal vera reklamefinansierte eller ikkje. Tematikken er enno ikkje gravlagt.- Me vil vurdera ulike modellar for finansiering, òg reklame. Men det tyder ikkje at me generelt støttar reklame i bybiletet, sa byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti til BT i mars. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ

— Det vert artig å sjå kor mange som nytta han igjen og igjen. Har du først prøvd sykkelen, trur eg terskelen er låg for å prøva han att, seier han.

I Oslo er bysyklane allereie innført. Festpeldirektør Anders Beyer håpa i forkant at stuntet skulle skapa uro i byen – i beste form.

— Me vil skapa ein positiv unntakstilstand i byen. Ei slags positiv forstyrring. Det vert noko heilt spesielt, sa han til BT.

Tomt på Festplassen

Sandvik frå Ap veit ikkje kor mange syklar dei vil få på plass, men at dei ønskjer så mange som mogeleg.

— Dette er eit godt eksperiment. I dag var det heilt tomt på Festplassen.

Sandvik meiner dette ikkje berre er eit tiltak for dei som bur i sentrum.

— Å sykla til Haukeland og Kronstad er null problem. Dette er eit tiltak for å nå dei som elles ikkje ville ha sykla.