Her tenner ni år gamle Maribell 100.000 julelys

Julelysgeneral Maribell Krogh Glad Nordahl (9) tenner lys fordi ho vil gi julegåver til alle born som må feire jul på ei kreftavdeling.

Publisert:

TENNER LYS: Maribell Glad Nordahl og familien har hengt opp lys i kvar ein krok av tomta i Birkelandsbotn. Foto: Silje Robinson

I fleire veker har familien Glad Nordahl med 10–15 gode hjelparar brukt ledige stunder på å henge opp julelys.

Først tusen, så tusen til. No bognar minst 100.000 lys over heimen til familien i Birkelandsbotn.

– Vi har mista teljinga, vedgår far og teknisk assistent for julelystenninga, Tord Glad Nordahl.

Men talet på lys er ikkje så nøye. Maribell har nemleg ein mykje viktigare plan.

– Eg vil samle inn nok pengar til å kjøpe presangar til kreftsjuke born i heile Noreg, fortel ho.

GODT OPPMØTE: Mange kom for å sjå juelystenninga, og få ein kopp med gløgg eller kakao. Maribell (9) og veslesyster Adine (3) er vakter. Foto: Silje Robinson

Ville gi frå seg leikane

Derfor har dei invitert alle som vil på julelystenning og gløgg for tredje året på rad.

– Det starta med at eg såg på NRK Super at det var born som måtte feire jul på sjukehus. Eg spurte pappa om eg kunne gi dei mine leikar, men han foreslo at vi arrangerte julelystenning i staden, fortel ni år gamle Maribell.

Og slik blei det. I år er arrangement større enn nokon gong.

GLØGGSJEF: Mormor Lisbeth Gangsøy hjelper også til, og sørgjar for at alle får ein varm kopp med gløgg eller kakao i kulda. Foto: Silje Robinson

Maribell håpar 100.000 julelys skal vere nok til å få folk til å bidra til å samle inn ein rekordstor sum til barnekreftavdelingane.

Heile familien hjelper til for å nå målet. Søskenflokken på fire er vakter, medan mormor Lisbeth Gangsøy er sjef for kakao- og gløggstasjonen.

FAR OG DOTTER: Pappa Tord Glad Nordahl seier det er Maribell som bestemmer kor lysa skal vere, og så henger han dei opp. Med litt gode råd frå far, sjølvsagt. Foto: Silje Robinson

Stjernehimmel i Birkelandsbotn

Presis klokka 18.00 trykte Maribell på lysbrytaren.

Rundt 100.000 julelys vakna til liv. Det var nesten som Birkelandsbotn fekk sin eigen stjernehimmel.

Eit stort og beundrande gisp gjekk gjennom publikum, som hadde fylt opp både hagen og oppkjørselen til familien.

Med julemusikk frå garasjen, og gløgg i koppen, la julestemninga seg over nabolaget.

– Eg trur vi skal ha julelystenning neste år også, sa Maribell.

SUKSESS: Maribell har tenkt å arrangere julelystenning neste år også. Foto: Silje Robinson

Er blitt tradisjon

Julelystenninga i Birkelandsbotn starta med 30.000 lys i 2017.

Den gongen klarte Maribell å samle inn 17.000 kroner. Det var nok til å kjøpe Nintendo Switch i gåve til dei fire barna som budde på kreftavdelinga på Haukeland.

Etter suksessen bestemte familien seg for å halde fram. No er julelystenninga blitt ein tradisjon i Birkelandsbotn.

Familien bestemte seg for å starte den frivillige organisasjonen «Maribell Charity Foundation», og kjøpte 40.000 julelys til.

I fjor blei det dermed tent 70.000 julelys, og samla inn 27.000 kroner for å kjøpe gåver til barna.

– Eg veit ikkje kva dei skal få i år. Vi må sjå kor mykje pengar vi får, og så finne ut kva vi har råd til, fortel julelysgeneralen.

Publisert: