Buss med skuleelevar stoppa med varmgang i bremse: – I verste fall kunne hjulet tatt fyr

– Eg kjende svilukta frå bussen med ein gong, seier seniorinspektør Nils Rune Nævdal i Statens vegvesen. Bussen var EU-godkjent i oktober.

Publisert Publisert

STOPPA: Det var varmgang i venstre bakhjul som gjorde at bussjåføren fekk beskjed om å tømme bussen for passasjerar. Den grøne bussen i bakgrunnen høyrer eit anna selskap enn den som vart stansa. Foto: Statens vegvesen

  • Kyrre Fitje

Det var under ein kontroll av tunge køyretøy på Romslo i Arna onsdag at turbussen vart stoppa. Bussen var på veg til Voss med skuleelevar frå bergensområdet.

– Kunne tatt fyr

Kontrolløren frå Statens vegvesen fortel at dei raskt lokaliserte bussen på grunn av lukta.

– Vi fann ut at den hadde varmgang på venstre bakhjul. I verste fall kunne hjulet ha tatt fyr om bussen hadde køyrt vidare, seier Nils Rune Nævdal.

Sjåføren var, ifølgje Nævdal, letta for å ha blitt stoppa slik at feilen vart oppdaga.

Bussjåføren fekk beskjed om at passasjerane måtte forlate bussen, og sjåføren måtte deretter køyre aleine til nærmaste verkstad.

– Tenk om brann hadde starta i ein tunnel, det er ikkje bra, seier Nævdal.

– Kan ikkje klandrast

Seniorinspektøren presiserer at dette var ein teknisk svikt, og at ingen kan klandrast for hendinga.

– Slike ting som dette skjer frå tid til anna. Det er mekanisk, og ting er i bevegelse. Då kan slikt skje. Men det er ikkje noko vi opplever kvar dag eller kvar veke, seier Nævdal.

Elevane om bord vart sendt vidare med andre bussar i same turfølgje.

– Uheldig situasjon

Bussen tilhøyrde selskapet Turbuss Bergen.

Sjølv om vegvesenet ikkje klandrar selskapet eller sjåføren, synest selskapet det er ein uheldig situasjon.

– Vi er veldig opptatt av sikkerheit på bussane våre, seier Øyvind Andersen, trafikkleiar i Turbuss Bergen.

Han seier at dei ikkje kunne funne ut av feilen på førehand.

– Dette er ikkje noko vi kunne avdekka. Eg køyrde sjølv bussen tidlegare denne veka og merka ingenting. Dette var ein teknisk svikt, seier Andersen.

Han forklarar vidare at bussen var EU-godkjend i oktober i fjor, der begge bremsene bak var bytta ut.

I desember var bussen inne til ny kontroll og reparasjon grunna ein luftlekkasje.

Andersen seier at bussen nesten ikkje er brukt sidan den gong.

– Glad vi blir kontrollert

Trafikksjefen er glad for at bussen vart stoppa i kontrollen.

– Det var supert at feilen blei funne. Vi er veldig glade for at Statens vegvesen er ute og kontrollerer på vegane, dei har nesten litt for få kontrollar. Vi er avhengige av dei.

Han stadfestar at han er nøgd med bussprodusenten, og at det ikkje har vore tidlegare hendingar med den.

– Vi kjem til å prøve å få svar frå leverandøren, men det nok berre eit uhell. Det er ikkje på grunn av dårleg vedlikehald, avsluttar Andersen.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. 60-åring bosatt på Frekhaug omkom i ulykke

  2. – Heller ti år i fengsel enn å peke på vennene mine

  3. Barmen sier han er klar for å bli Brann-kaptein

  4. «Hyttebygging bør avgrensast, men ikkje ved å nekte vatn og do»

  5. Her setter Koomson Branns første mål

  6. Polaris Media blir hovedeier av Sunnhordland

  1. Buss
  2. Statens vegvesen
  3. Romslo
  4. Trafikk