I 12 år har Tore Salvesen leita etter Dung Tran Larsen. Høyr kvifor han aldri kjem til å gi opp.

PODKAST: – Nokon veit kor ho er, seier politiinspektøren.

FORSVANN: Kor tobarnsmora Dung Tran Larsen blei av er eit av Bergens største mysterium. Tore Salvesen fekk den første telefonen då ho blei meldt sakna i 2007, og har følgt saka sidan.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sommaren 2007 forsvinn 22 år gamle Dung Tran Larsen sporlaust.

Politiet meiner ho er blitt drepen, men 12 år seinare er saka framleis uløyst.

Politiet har grave, dykka, brukt likhundar, gått manngard og brukt ubåt for å finne henne – utan hell.

SISTE SPOR: Dette biletet skal ektemannen ha tatt av Dung Tran Larsen kl. 16.13 den 23. juni 2007. Ho sit i sofaen heime i Olsvik, og har født ei dotter berre fem dagar tidlegare. Dette er det siste sporet som finst av henne.

Politiinspektør Tore Salvesen har forsøkt å finne Dung Tran Larsen sidan den dagen ho blei meldt sakna i juli 2007.

Framleis er kva som skjedde med Dung Tran Larsen eit av Bergens største mysterium. No skal Kripos si Cold case-gruppe på nytt gå gjennom saka.

Høyr politiinspektør Tore Salvesen og kommentator Eirin Eikjefjord i BT fortelje historia om Dung-saka i BT20.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Publisert: