Lærer Bjørndal er død

– Stort var det å ha ein slik kompis, skriv Sjur Didrik Flåm.

SKULEMEISTER: Øyvind Bjørndal døde 17. februar, 77 år gammal. Han vart vidgjeten etter at Trine Eilertsen skreiv artikkelen «Lærer Bjørndals metode». Privat

Sjur Didrik Flåm

Minneord

Øyvind Bjørndal gjekk or tida 17. februar, 77 år gammal.

Han vaks opp i Hermann Foss gate og avbraut brått – eller vart avbroten i – si regulære utdanning, under sløydlærar Konkelikoff og rektor Wold, på Sydneshaugen middelskule. Dagen etter strauk Øyvind til sjøs med dampbåten Para.

Seinare, etter skogsarbeid, vart han vidgjeten som skulemeister, fast og rettlinja i form, krevjande og givande i innhald. Hans sans for kvalitet var sterkare enn for kvalitetsreform.

På tallause felt stod han fram, medrivande, særprega og viktig for andre: som husbyggjar, båtbyggjar, breførar, dansar, handballspelar, gitarist, songar og syklist. Alltid drivande energisk og oppglødd; aldri valen eller bortvendt.

Underskrivne trefte Øyvind på 60-talet. Han kvesste augo i meg.

– Røykjer du?

– Nei.

– Då blir du med på krevjande kroppsarbeid. Du vil like det.

Det gjorde eg. Og om kvelden steig månen opp over Eldsfjellet på Holsnøy. Slik begynte vårt evige vennskap, med omsorg, respekt, strid og stjernestunder.

Stort var det å ha ein slik kompis.


Øyvind Bjørndal vart vidgjeten etter at tidlegare BT-redaktør Trine Eilertsen skreiv kommentaren «Lærer Bjørndals metode» i januar 2011.