Skandinavia sitt eldste tredampskip har gått på grunn nord for Skjerjehamn

Dampskipet «Thorolf» var på veg til veteranfartøyfestivalen Fjordsteam i Bergen da den tysdag kveld fekk eit ublidt møte med eit skjær.

Publisert Publisert

KULTURMINNE: I 2000 vart Fylkeskulturprisen tildelt D/S Thorolfs Venner. Dampskipet vart bygd mellom 1910–1911. Foto: 2211-Tipsar

  1. Leserne mener

DS «Thorolf» gjekk på eit skjær tysdag kveld, nord for Skjerjehamn på Sandøyna i Gulen kommune. Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen 2» er på staden og ventar på høgare flo for å kunne dra båten av skjæret.

– Veteranskipet står kraftig på grunn og har fått god slagside. Redningsskøyta er komen til staden, seier Lars Mosby Enger, pressevakt i Redningsselskapet.

Dampskipet lekk truleg ikkje, og vil truleg kunne sigle vidare i morgon, fortel Petter Anton Stadsnes, styreleiar i Thorolfs venner.

– Vi var på veg inn sundet inn til Skjerjehamn, og svinga kanskje inn eit sund for tidleg. Der trefte vi eit undervatnskjær i lav fart. Båten står no på kjølen, som er stålbelagt, seier Stadsnes.

Det var sju personar om bord i båten under grunnstøytinga. Stadsnes beskriv hendinga som lite dramatisk.

DS Thorolf har i dag heimhavn i Langevåg i Sula kommune, og er det eldste tredampskipet i Skandinavia.

Båten vart drege av skjæret klokka halv elleve tirsdag kveld, og fortsatte onsdag ferda til Bergen.

Dampskipet fekk ingen skadar under grunnstøytinga, opplyser styrleiar i Thorolfs venner, Petter Anton Stadsnes.

Publisert