Madammen frå Brekkhus

Det er ikkje sikkert at du har høyrt om fyrbøtar Jahn Peder frå Sandviken, gift med Elisabeth Andrea Iversen. Fyrbøtaren vart ikkje så gamal, han døde i 1897.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

Men det er Jonnemann, sonen til madam Oline Randine Felle, og barnebarn av Randine Nielsdatter Felle – og Randine (som eigentleg heitte Ranvei) var tilflyttar til Bergen frå Brekkhus i Teigdalen. Men no veit du det, og dette med Brekkhus er grunnen til at du kan lesa om både Jonnemann og hans gamle mor i «Frå fjord til fjell», det årlege skriftet til Vassvøri Sogelag.

Sogelaget har hatt godt samarbeid med Christopher John Harris, ein verkeleg utrøytteleg gullgravar i Bergen bys historie. Dermed har bergensk historie smelta saman med bygdesoga for gamle Evanger.

Men det er med dette som med all god sogeskriving: Det kjem opp nye spørsmål for kvart som ein finn svaret på. I visa er «hon død for lenge siden, Jonnemann sin gamle mor», men mor Oline levde 11 år lenger enn Jonnemann. Så kanskje er det ikkje mora til Jonnemann det handlar om, men tvert om bestemora, altså Ranvei, som døde då Jonnemann var 5 år gamal?

Tyngepunktet i «Frå fjord til fjell» er nok soga om garden To i Evanger, fordi det er minnet om ein av dei mest trufaste sogeleitarane i Vassvøri, Leif Walberg, som var lensmann både i Samnanger og Vaksdal i mange år, og som var eit oppkome av interessant kunnskap om fortida, ikkje minst det som hadde med kriminalhistorie å gjera. Men her har også Helge Bergo skrive om steinkvelvbruene i Teigdalen, slik dei var før vegen vart vølt dei siste åra (ikkje minst om beisk vegstrid!), Per Eskeland skriv om den gongen dei ville ha skipsfart frå Bergen heilt til Voss, med slepebane langs elva, og så er det minne frå barndom og ungdom både på Styve og på Bolstad.

Dessutan er det konfirmantar frå 1956. Kortklypte gutar og jenter i bunad, eller «nasjonal» som dei helst sa den gongen. No er dei også bygdesoge!

KJARTAN RØDLAND

TEIGDALEN. Den gamle steinbrua. ARKIVFOTO: FRED I. U. KLEMETSEN

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Han vil utestenge gutter 10-lag. – Ille og ødeleggende.

Sportslig leder Ingolf Stenevik i Gneist IL er kritisk til Marikollens gutter 10-satsing.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Familien fra England gledet seg til 17. mai. Men jeg glemte å gi en viktig beskjed.

  2. 17 nye smittede i Bergen: – Tester gjester på utested

  3. MDG-byråd provosert over Listhaugs gatenavn-utfall

  4. Faren ville han skulle bli imam. No er Omar ein av landets fremste havekspertar.

  5. Hvem skal ha barna, og hvor langt kan de flytte? Ny lov kan endre reglene.

  6. – Du må lete med lupe for å finne lyspunktene