Gjennomvåte av bensin flykta søstrene frå flammane

Nokre sekund før eksplosjonen, punkterte bilen til søskenparet inne i tunnelen.

Publisert Publisert

TAKKSAME: - Dei visste ikkje ein gong om dei kom til å greie å redde seg sjølve. Likevel tok dei seg tid til å stoppe. Det er heilt fantastisk, seier Merete Bakken. Foto: PRIVAT/2211-TIPSAR

  • Adalheidur Oldeide
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

TILBAKE: Fra venstre Eli Siv Ytre-Hauge, Åsa Hauge, Merete Bakken og Kjell Ragnar Haugen (71). Eli-Siv og Merete ble reddet ut av Skatestraumtunnelen av Kjell og Åsa i en bobil under en tunnelbrann. Foto: THOMAS HAGEN

To søstrer køyrer inn i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger. Det er sommar, dei har fri, og Merete Bakken og Eli Siv Ytre-Hauge skal til Førde på shopping.

I bilen framfor dei køyrer mannen og dottera til Merete.

«Stay with me», syng Sam Smith. Musikken ljomar ut av bilstereoen. Søstrene smiler til kvarandre og stemmer i på refrenget av full hals.

91 meter under havet sluttar dei brått å syngje.

16.500 liter bensin

«Ein bensintankbil har eksplodert i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger.»

Brannvesenet fekk den første meldinga klokka 10.27 den 15. juli.

Hengjaren på ein tankbil som inneheldt 16.500 liter bensin, hadde losna og dundra i fjellveggen kring 300 meter inne i tunnelen frå sørsida. Brannvesenet budde seg på det verste. Ei stund frykta dei at heile tunnelen skulle kollapse av varmen frå brennande bensin.

skate1.jpg

Punkterte i tunnelenFå minutt før eksplosjonen køyrde Merete og Eli Siv mot tunnelen, som bind Øya Rugsund saman med Bremangerlandet, også dei frå sørsida.

Dei var komne halvvegs inn i tunnelen då to bilar rygga mot dei med naudblinken på. I den eine sat familien til Merete. Mannen hennar låg på fløyta for å varsle, men Sam Smith overdøyvde tutinga.

Merete, som sat bak rattet, slo av radioen og sleppte gassen. Ho rakk akkurat å spørje søstera om kva som skjedde før dei høyrde eit "poff". Bilen sokk ned på høgre side.

— Der punkterte vi.

Dei sat stille nokre sekund, usikre på bilane som hadde kome ryggande mot dei. Begge tenkte på at dei stod parkerte rett etter ein sving der fartsgrensa var 80 kilometer i timen.

Brått blei stilla avbroten av eit drønn. Lyden kom frå tankbilen som eksploderte.

Vassa i bensin

Søstrene sat framleis inne i bilen, dei stod nesten nede på botnen av tunnelen, 91 meter under havet. Brannen var berre nokre hundre meter unna, men hadde enno ikkje runda svingen framfor dei.

Merete visste at noko var alvorleg gale. Då ho såg opp, skjønte ho at ho måtte ta seg saman. Ein gul vegg av flammar lenger framme i tunnelen var på veg mot dei.

— Herre Gud. Det brenn. Vi må kome oss ut.

Men ho blei sitjande. Ho tenkte at ho måtte setje på handbrekket i tilfelle bilen skulle byrje å trille, og at ho måtte hugse å ta ut nøklane og få med seg veska i baksetet.

— Det var fullstendig irrasjonelt, men eg greidde ikkje å reagere. Det kjendest ut som vi sat der i ei æve, fortel Merete.

Politiet brøt krav:

Les også

Brukte 53 minutter fra meldingen kom

Då Eli Siv var på veg ut av bilen, såg ho ei elv av bensin som rann langs tunnelveggen. Innan dei var ute av bilen, stod begge bildekka på høgre side i ein dam av bensin. Eli Siv kjende den kalde væska mot huda på beina.

— Då det byrja å gå opp for oss kva som skjedde, kom enda ein bil ryggande mot oss. Vi prøvde febrilsk å stoppe han, men han køyrde frå oss, seier Merete.

Dei trong ikkje seie eit ord til kvarandre. Begge skjønte at no stod det om livet.

STORE SKADER: I nordenden av Skatestraumtunnelen er det store skader. Til høyre på bildet ligger den utbrente hengeren som var lastet med 16.500 liter drivstoff.

Sprang for livetMedan dei sprang, høyrde dei fleire eksplosjonar. Eli Siv ville først ikkje snu seg, i frykt for kva ho kom til å sjå. Då ho likevel gjorde det, såg ho flammane sleikje oppetter veggane frå bensinelva.

— Brannen kom fortare enn vi greidde å springe. Eg tenkte at vi aldri i livet ville rekke å kome oss levande ut.

Merete prøvde berre å konsentrere seg om å ikkje snuble, men det var ein annan tanke ho ikkje greidde å slå frå seg. Ho fekk ikkje sonen sin ut av hovudet. Tanken på at ho ikkje hadde sagt ha det til han før ho fór denne morgonen, var uuthaldeleg.

— Eg tenkte at no skjer det faktisk. No døyr vi, og eg har ikkje sagt ha det til han, fortel ho.

Eli Siv byrja å tenkje på den første bilen som hadde rygga forbi dei. Tanken på at mora og Merete sin mann og dotter truleg var i sikkerheit, verka roande.

— Men eg trudde det var slutt for vår del, og at punkteringa oppe i det heile var eit teikn på at det var meininga. Eg var livredd, men tanken på å bli brent var meir skremmande enn sjølve døden.

Det var siste gongen ho snudde seg etter flammane.

bobil2.JPG

Bubilen blei redningaIngen av dei trudde det var fleire bilar eller menneske i live inne i tunnelen.

— Etter å ha sett brannen og høyrd eksplosjonane, trudde eg ikkje det var mogeleg, fortel Eli Siv.

Dei var i ferd med å gi opp håpet om å kome seg ut i live, men sprang framleis då dei plutseleg såg ein kvit vegg på sida av dei.

Ein bubil hadde stoppa for å ta dei med ut. Bilen hadde køyrd gjennom flammane. Han var smelta på fleire plassar.

Flyktet for livet:

Les også

- Jeg tror vi hadde en engel med oss

Merete sprang først rundt bilen og reiv opp døra så hardt at ho blei øydelagd. Med døra på vidt gap, sette dei seg på huk bak i bilen.

Det var så mykje bråk inne i tunnelen at det var vanskeleg å høyre kva sjåføren sa, men dei ropte at han måtte køyre.

Bak rattet sat Kjell Ragnar Hauge (71), og kona Åse Hauge på passasjersida.

Med pedalen i botn rygga han kring ein kilometer til dei var ute av tunnelen.

Seks til sjukehus

Dei fire var dei siste som kom seg ut av tunnelen. På utsida stod mannen og familien til Merete. Dei høyrde eksplosjonane og såg tjukk røyk velte ut av tunnelen.

Dei desperate forsøka på å ringe og sende tekstmeldingar til Merete og Eli Siv hadde vore fånyttes. Minutta dei venta, verka som timar.

Til saman seks personar blei sende til sjukehus etter ulukka, men ingen mista livet. 13 personar kom seg ut av tunnelen på sørsida, og ni på nordsida.

Det er mykje takka vere sjåføren av tankbilen, ifølgje Bergen brannvesen.

— Han handla rasjonelt i ein kaotisk og stressa situasjon, sa sjef i Bergen brannvesen, Johnny Breivik etter ulukka.

Takksame

Eli Siv og Merete har møtt Kjell Ragnar og kona fleire gonger sidan ulukka.

— Dei hadde køyrd gjennom flammane, og visste ikkje ein gong om dei kom til å greie å redde seg sjølve. Likevel tok dei seg tid til å stoppe. Det er heilt fantastisk, seier Merete.

For Kjell Ragnar var det aldri eit alternativ å ikkje stoppe.

— Etter ulukka sa krisepsykologen til meg at den mest naturlege tanken i slike situasjonar er å redde seg sjølv, men tanken om å berre køyre vidare, slo meg aldri.

— Utan dei hadde vi kanskje ikkje vore i live. Vi er enormt takksame for det dei har gjort, seier Merete.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Derfor slet hengeren seg

  2. - Tror vi har avverget flere ulykker

  3. Storbrann i Skatestraumtunnelen

  4. Skatestraumtunnelen åpnes i neste uke

  5. Tunnelsyn

  6. Stengt etter steinsprang

  7. Sikring av tunneler vil ta ti år

  8. Ukjent kor mykje av bensinen som hamna i sjøen

BT anbefaler

Alle sjefene har dratt fra Stadion

Tre av Brann-sjefene møttes på Stadion søndag. Fremdeles vil ingen av dem si hva som skjer.

LES SAKEN