• KOLOSS: To månader har verdas største tunglasteskip, «Dockwise Vanguard», brukt på turen frå Sør-Korea til Kvinnherad. No ligg skipet i Høylandssundet på austsida av Halsnøy. FOTO: Jonas Sætre, Stord24

Verdas største tunglasteskip ruvar no i Kvinnherad

Det er nesten tre fotballbaner langt, og meir enn ti meter breiare enn speleflata på Brann Stadion. Laurdag kom verdas største tungtransportskip, «Dockwise Vanguard», til Høylandsbygd i Kvinnherad.