• <b>DAGENS TRAFIKKNØTT:</b> Set dette skiltet forbod mot alle traktorar, eller berre dei som ikkje greier å få opp farten til lusne 40 km/t?

Traktor-krøll på E 16

Skilt som klart og tydeleg forbyr traktorferdsel, er ikkje så klare og tydelege likevel. Vossabønder har gitt styresmaktene juridisk hovudverk.