• FLOTT, MEN DYR: Hardangerbrua vert eit mektig syn over fjorden mellom Vallavik t.v. og Bu, men spørsmålet er om prisen, 1,7 milliardar kroner, står i høve til nytteverdien.

Stortinget vil ha Hardangerbrua

Eit stort fleirtal i Stortingets samferdslekomité vil ha Hardangerbrua opp i Stortinget som utbyggingssak. Og dei vil ha saka fram så snart det praktisk let seg gjera.