• <b>SPONSA VÆRAR:</b> Blåmann og Truls ferierer på sommarbeite heime hos gardbrukar Knut Bøyum. Begge er sponsa av folk som vil ta vare på kulturlandskapet. Hesten Bøyaprinsen er derimot ikkje lagt ut på sponsormarknaden. FOTO: ODDLEIV APNESETH

Spons ein sau for opne landskap

For 450 kroner kan du sponse ein sau for at han skal halde kulturlandskapet i Fjærland i hevd. I fjor blei 75 dyr sponsa. I år er 102 fleire sauer sende på beite.