Spleiselag reddar gamle hus i Hardanger

Dei køyrer ofte vegalangs i Indre Hardanger. Ser dei eit verneverdig hus som er til nedfalls, stoppar dei og tek fram fotoapparatet. Så bankar dei på for å spørja eigaren om han ynskjer hjelp til å restaurera bygningen.