Song, trø lett på hjarta mitt

Dei vart fødde med to månaders mellomrom i 1908, og skulle bli to av dei viktigaste norske kunstnarane i det tjuande hundreåret. Begge budde i Hardanger, men møttest ikkje før dei var over femti år. Komponisten Geirr Tveitt og diktaren Olav H. Hauge framstår som to høgst ulike menn. Likevel hadde dei to mange felles møtepunkt, og stor respekt for kvarandre. — Dei var gåtefulle begge to. Det spørst om dei ikkje forstod kvarandre betre enn det kan synest, seier biograf Reidar Storaas.