Snackbarbråk på Sotra

Tre ungdomar i alderen 15, 19 og 22 år skapte bråk på ein snackbar på Straume i Fjell klokka 20.30 i går. Dei tre gutane griste til i snackbaren, nekta å betala for seg og kom med truslar mot betjeninga.