Skrapesjuke i Raundalen

Veterinærstyresmaktene har konstatert skrapesjuke i ein spelsau-besetning i Raundalen på Voss. Sjukdomen er ikkje av den frykta, smittsame sorten, men heile buskapen på 36 vinterfora vaksne sauer og 70-80 nyfødde lam blir slakta og destruert.