Sakna mann funnen i teltet

– Eg kan ikkje få fulltakka leitemannskapa, seier ein overlukkeleg Ole Magnar Grytten (23). Han har lege vêrfast i fjella vest om Førde sentrum siden søndag. I dag blei han funnen i god form i teltet sitt.