• FULL PRODUKSJON: Osøyro bakeri har hatt storreingjering, og produserer no for fullt igjen. - Me har fått oss ein kraftig lærepenge, men no er me på beina igjen, seier Drageset-direktør Dag Eide (til v.) og dagleg leiar ved bakeriet, Paul Drageset (midten). Til høgre Paal Fennell frå Mattilsynet. FOTO: GIDSKE STARK

Reint mjøl i posen igjen

Tak, vegger, golv og maskinar er blitt skrubba og skurt på Osøyro bakeri etter stenginga sist torsdag. No har bakeriet eit ubeskjedent mål om å bli det reinaste på Vestlandet.