Regjeringa vil byggja Hardangerbrua

Regjeringa har no avklart med seg sjølv at Hardangerbrua skal byggjast. Høgre-leiar og kommunalminister Erna Solberg seier til Bergens Tidende at regjeringa vil leggja fram ein proposisjon om saka, men datoen for dette er enno uviss.